Illustrasjonsfoto: Ole Johnny Trangsrud, HANEN.- Dette er ei utviding av kva styresmaktene kan nekte innafor landskapsvernområde, meiner Bondelaget om kva Miljøverndepartementet skriv berre er ei harmonisering mellom reglane i naturmangfoldlova paragraf 36 og paragraf 34.

Svekkar rettstryggleiken

- Styresmaktene har også i dag ein hjemmel til å sjå tiltaket det no vert søkt om, i samanheng med tiltak dei allereie har gjeve løyve til innafor landskapsvernområdet. I tillegg ønskjer styresmaktene no ein heimel til å nekte tiltak, som ikkje i seg sjølv vil gjere skade, men som saman med alle framtidige tenkjelege og utenkjelege tiltak, kan vere til skade. Ein slik regel svekkar rettstryggleiken til borgarane. Endringa vil dessutan kunne ramme utvikling av lovleg igangverande verksemd innafor verneområdet svært hardt. Nye rasjonelle driftsmåtar kan til dømes nektas, ikkje fordi dei i seg sjølv gjer skade, men fordi det er tenkjeleg av verksemda kanskje i framtida vil kunne gjere skade, heiter det i høyringsbrevet Norges Bondelag har sendt Miljøverndepartementet.

Fekk ikkje høyringsbrevet

Samstundes finn Norges Bondelag grunn til å minne om hovudregelen i utredningsinstruksen der det heiter at høyringsfristen skal vere tre månader. Denne gong fekk ikkje Bondelaget høyringsbrevet, og måtte såleis be om utsett klagefrist.

Kontaktperson i Norges Bondelag: Sissel Fykse

Bondelagets temasider jus og grunneierrettigheter