F.v. Alberto Villareal, Heidi Lundeberg, Brita Brekke og Arild Hermstad deltok i paneldebatt om kva handelsreglar som er bra for miljøet, kvinner og matsikkerheit, foto: Hildegunn Gjengedal.- Vi burde heller satse meir på å produsere mat til eige folk. Det sa naturvernaren Alberto Villareal på Globaliseringskonferansen, som eit tilsvar på Framtiden i våre henders innlegg.

Friends of the Earth

Villareal var ein av grunnleggarane av Friends of the Earth i Uruguay, og er regionskoordinator for Friends of the Earth´s internasjonale program på handel, miljø og berekraft, og Latin-Amerikakoordinator for Food and Water Watch. Han har jobba mykje med landbruk, biodiversitet og intellektuell eigedomsrett i WTO og regionale handelsavtaler.

Har misst mange bønder

- På grunn av liberaliseringa av landbrukssektoren har vi misst mange bønder. Vi har misst tradisjonelle vekstar. Biodiversiteten er redusert og vassressursar er forureina, sa Villareal.

Han peika på at meir enn 50% av kjøtindustrien for eksportlandbruket var eigd av utanlandske selskap, særleg frå Brasil, og at amerikanske selskap og selskap frå New Zealand var på full veg inn for å ta over meierisektoren.

Familielandbruket blir kasta ut

- Familielandbruket blir kasta ut. Landbruket blir i større grad eigd av transnasjonale selskap. Spørsmålet er om dette er det beste, sa Villareal.

Han var ein av innleiarane på møtet om kva handelsreglar som er bra for klimaet, kvinner og matsikkerheit, arrangert av Handelskampanjen (der Norges Bondelag er medlem), Fellesrådet for Afrika, Kirkens Nødhjelp og Framtiden i vår hender.

Handel for å oppfylle retten til mat

Dagleg leiar Arild Hermstad i Framtiden i våre hender meinte handel verken var bra eller dårleg, men at det var nødvendig med handel for å oppfylle retten til mat. – Klimaendringane gjer det risikofylt å basere seg på eigen matproduksjon. Nasjonalstatane endrar seg heile tida. Det er irrasjonelt å basere seg på nasjonalstatar, sa Hermstad. Han peika på døme på positive effektar av eksportjordbruket. – Det er ikkje motsetnader mellom lokale og globale marknader, sa Hermstad. Men då fekk han motbør.

Eksportlandbruk og lokalproduksjon

– Jau, det er motsetnad mellom eksportlandbruket og lokalproduksjon. Det får vi klare meldingar om frå vår partnerar i sør, som t.d. MST (dei jordlause sin organisasjon i Brasil), sa Heidi Lundeberg, som er dagleg leiar i Latinamerikagruppene og leiar i Handelskampanjen.

Mellommenn tek overskotet

Alberto Villareal peika også på at det ikkje var bøndene som tente på eksporten: - Småbønder sin produksjon når sjeldan verdsmarknaden. Dessutan er det mellommenn som tek størstedelen av overskotet. Kanskje får vi ein litt positiv effekt på økonomien (”trickling down”), men til kva kostnad, spurde Villareal.

Rike menn som tener på handelen

Brita Brekke frå Spire som tidlegare har jobba i Bygdekvinnelaget meinte handelen med landbruksvarer hadde lite positiv effekt for kvinner. – Det er i hovudsak rike menn som tener på handelen. Kvinnene er stort sett småbønder på bygda og arbeidarar i landbruket, sa Brekke.

Bondelagets temaside internasjonalt arbeid