- Eit svært viktig forslag for norske storfebønder
Norges Bondelag har sendt høyringssvar til EU der dei støttar forslaget til Kommisjonen om å ta hud og skinn ut av avskogingsforordninga. No oppmodar vi regjeringa om å jobbe for å få igjennom dette forslaget.
Forslaget er svært viktig for norske storfebønder. Blir hud og skinn teke ut av produktlista vil storfe ikkje bli råka av forskrifta. Kjøt frå storfe fell utanfor EØS-avtala, men hud og skinn er innanfor. Om forslaget ikkje blir vedteke, vil ein måtte dokumentere gjennom aktsomheitserklæringar at storfeet ikkje har beita på avskoga område, og hud og skinn frå storfe som har beita på avskoga område må destrueast. Les høyringssvaret til EU-kommisjonen.
Norges Bondelag har også sendt brev til landbruks- og matdepartementet der ein oppmodar regjeringa om å gjere det dei kan for å få dette forslaget igjennom. Dette er også i tråd med tidlegare innspel frå Bondelaget.
- No må regjeringa gjere det dei kan for å få dette forslaget, som kan spare både norske bønder og styresmaktene for ekstra byråkrati og ressursar, igjennom, seier generalsekretær Sigrid Hjørnegård i Norges Bondelag.
Avskogingsforordninga skal hindre at landbruksprodukt frå avskoga område hamnar på EU-marknaden. Forordninga vart vedteken i EU allereie i 2023, men har skapt mykje debatt, og implementeringa er utsett fleire gonger. Siste planen no er å sette det ut i livet 30.desember 2026. Kommisjonen kom med endringsforslag både i desember 2024, desember 2025 og sist no 4.mai.
Siste endringsforslaget frå Kommisjonen innebar m.a. at hud og skinn frå storfe blir fjerna frå produktlista. På lista finn ein tre, kaffi, kakao, storfe, soya, oljepalme og gummi, og avleia produkt for desse. Regjeringa har bestemt Noreg berre skal gjennomføre EØS-relevante deler av forordninga. Dette inneber at storfekjøt og soya og eksport til land utanfor EØS blir halde utanfor, fordi det fell utanfor EØS sitt verkeområde. Men tre og hud og skinn er altså innanfor EØS.
- Vi har forståing for at ein ynskjer å redusere avskoginga globalt. Men det er ikkje berekraftig å destruere høgkvalitetsskinn frå Noreg og bruke tid og ressursar for å dokumentere at dyret ikkje har gått på avskoga område i eit land med 3,5% dyrka mark og meir problem med gjengroing ann avskoging. Ressursar mot avskoging globalt må kunne brukast på ein fornuftigare måte, seier Hjørnegård.