Marius Egge (t.h.), Bondelagsleder Nils T. Bjørke og Marit Gjerstad fra NHO, foto: Kari Marte SjøvikEgge gård vann gullmedalje i sin klasse – frukt og bærvin. Marius Egge takka Golfstraumen som gjer det mogeleg å dyrke frukt så langt nord og dei lyse dagane og kalde nettene som gir den unike smaken med mykje syre og sødme til norsk frukt. Han takka også kollegaer i miljøet som drar saman om å heve norsk drikke.

 Fridtjovprisen vart delt ut i samband med arrangementet Norsk Drikke i Balestrand.  Prisen er eit kunstverk av Geir S Hjetland.

 I kategorien øl fekk Ægir Brenneri sølvmedalje for India Pale Ale og Kinn Bryggeri bronse for Slåtteøl.

 Det Norske Brenneri i Oslo fekk to bronsemedaljar for sine Arvesølvet Fatlagret og Helt klar. I kategorien fruktjuice var det Nordre Lindheim frå  Gvarv som gjekk av med sigeren for sine Eventyrmost Aroma/Gravenstein og Eventyrmost Discovery som begge oppnådde bronsemedalje i kategorien.

 På fruktbrennevin vart det Ciderhuset som fekk best poengsum for sin Sogn Eple Aqua vitae, men det var ingen som oppnådde medalje her.

 Det var heller ingen som oppnådde medalje i kategorien cider, men Ciderhuset med sin Økologiske stillcider og Egge Gard med sin musserande cider , tradisjonell fekk høgst score med 31 poeng.

 Leiar i juryen, Merete Bø, registrerte ein stigning i kvaliteten frå året før, særleg på fruktmostane.  Leiar i Norges Bondelag Nils T Bjørke og Marit Gjerstad frå NHO sa seg godt nøgde med juryen sitt arbeid og utviklinga generelt i norsk drikke. Det er likevel eit langt lerret å bleike å gjere norsk drikke til eit like naturleg val til norsk mat som utanlandske vinar.