Som leiar i Norges Bondelag har Nils T. Bjørke vore igjennom eitt brot med ei raud-grøn regjering, eit inntektsløft for bønder og no i år ein varsla ny kurs for landbruket som vil gje store konsekvensar for landbruk i heile landet. I 2013 hadde han 104 reisedøgn i tillegg til pendlinga mellom Voss og Oslo. Telefonen har aldri vore slått av, sjølv om det enkelte søndagar ikkje har vore ein journalist på tråden. Møtet med bønder er likevel det som har gjort sterkast inntrykk på han.

- Viktig å vere raus

Kva har du lært i løpet av dei fem åra?

Eg har lært mykje om prosessar i politikken Eg har lært kor viktig personlege relasjonar er og kor viktig det er å byggje tillitt.
Det er viktig å vere raus mot politikarar sjølv om du ikkje er einig i sak. Det tjener du på på sikt.
Eg har også lært mykje om landbruket i heile landet. Det er imponerande å sjå kva enkelte fagmiljø får til. Det er imponerande å sjå viljen til satsing og viljen til å utvikle og betre produksjonen.

Har du endra syn på noko?

Norsk landbruk er veldig mangfaldig og det er store ulikskapar i det langstrekte landet. I løpet av mi tid som leiar har eg blitt meir og meir klar over kor likt norsk landbruk likevel er på det overordna nivået.  Alle er avhengige av lunene til naturen same kvar i landet du driv. Det gjer at alle bønder forstår kvarandre og står samla.

Imponert over norske bønder

Kva har gjort mest inntrykk?

Det som har gjort mest inntrykk er å møte bønder som har starta på null og greidd å byggje opp ein produksjon under utfordrande kår og likevel fått til ein flott produksjon. Det gjeld mange ulike produksjonar. Det er imponerande kva folk får til med få ressursar. Det er også imponerande korleis enkelte har greidd å kombinere drift og tillitsverv. Det er mykje arbeidskapasitet i denne næringa.

Kva har vore den største utfordringa for deg personleg og for organisasjonen?

Den største utfordringa er å ha eit aktivt gardsbruk og kombinere dette med vervet. Det har gått utover familien. Du har lyst til å vere til stades i organisasjonen fordi det er viktig å vere på plass der det skjer. Du kan ikkje leggje ifrå deg vervet, heller ikkje i helgene. Det at du er på heile tida er ei belastning for familien. Men å vere tilgjengeleg gjer at du får ein god tone med journalistar. Det har blitt ein del radiointervju mens eg leitar etter kviger eller sit i traktoren.

Må lære opp politikarane

For organisasjonen har den største utfordringa vore å greie å få til eit inntektsløft. Det har vore og er framleis ei utfordring å få politikarane til å forstå at landbruk er ein biologisk produksjon, og få dei til å forstå kva som eigentlig er effektivitet i landbruket. Det er ikkje som ein fabrikkproduksjon. I landbruket er me avhengige av å spele på lag med naturen og ressursane på garden. Me må sjå kva som er effektivt på nytt. Eg er oppteken av ressurseffektivitet, å utnytte naturen på ein berekraftig måte.

Korleis har det politiske landskapet endra seg med omsyn til landbruk og mat?

Det er mykje større ållmenn interesse for matproduksjon enn for fem år sidan. Den internasjonale situasjonen med ustabile prisar på verdsmarknaden har gjeve mange ein vekkar.
Med ei ny regjering ser folk at det er eit reelt val kva mat me vil ha. Fleire har skjønt at det er ein samanheng mellom landbrukspolitikk og matproduksjon. Fleire ser verdien i norsk måte å drive landbruk på.

Kva er det beste rådet ditt til bønder som ønskjer å engasjere seg i landbrukspolitikk?

Mitt beste råd er å vere aktiv i det lokale bondelaget. Ved å stille opp får dei ta del i felleskapen, diskutere og lære meir om samanhengen i politikken. 
Bønder som sjølvstendig næringsdrivande investerer store summar. Det er viktig å engasjere seg for rammevilkår for bonden. Når politikarar og enkelte forskarar ikkje sett seg grundig nok inn i området, kan visse ting bli framstilt svært gale. Då er det godt å vere trygg på bodskapa våre.

Framtidstru

Kva tenkjer du om framtida?

Eg trur me må vere tru mot målet vårt om berekraftig og framtidsretta landbruk. Me kan ikkje gå på akkord med det.  Slik har iallfall eg tenkt å drive garden min.

Kva råd har du til den nye leiinga?

At dei ser organisasjonen som eit lag som jobbar mot eit felles mål, og at dei tek imot dei råda dei får av dei mange dyktige og godt fagleg orienterte medarbeidarane i organisasjonen.

No ventar garden på Voss. Me ønskjer Nils T. Bjørke lukke til vidare i bonde- verdas viktigaste yrke.

Takk for innsatsen!

Avtroppande leiar Nils T. Bjørke gratulerer nyvalt leiar Lars Petter Bartnes. Foto: Marthe Haugdal