Medlemslandene har gitt opp å komme med konkrete forslag til kutt. Men det vil ikkje seie at ein har gitt opp å få til kutt på handelsforstyrrande støtte. Diskusjonen går no på kva som skal skje etter at ministermøtet er ferdig. Tilretteleggaren for forhandlingane om landbruk i Buenos Aires, Amina Mohamed, la tysdag fram eit forslag til ministererklæring på landruksområdet. Internstøtte var eitt av fleire tema som var nemnt. Oppkjøp til matvarelager i u-land og eksportrestriksjonar var andre tema.

I forslaget til erklæring står det at medlemmene skal halde fram forhandlingane om internstøtte etter ministermøtet. Målet er å innføre strengare begrensingar på handelsforstyrrande støtte gjennom eksempelvis tak på samla handelsforstyrrande støtte og reduksjonar i gul boks. Det står også at medlemslanda skal anstrenge seg for å bruke mindre handelsforstyrrande støtte, og vurdere effekten denne typen støtte har på andre land. Land som blir påvirka av støtta kan kreve å bli konsultert.   Det ligg også inne krav om openheit og innmelding av støtte til WTO i tide.

Mange trur dette forslaget ikkje vil overleve. Kva som kjem i staden er i skrivande stund uklart. Klarer ein ikkje bli samde om ein arbeidsplan vidare, kan til dømes forhandlingsleiaren for heile ministermøtet legge fram ein tekst som står for hennar rekning.

Ministermøtet skal etter planen avsluttast onsdag 13.desember. I skrivande stund (tysdag kveld) er det heller ikkje semje på andre forhandlingsområda, som fiskerisubsidier og e-handel.