Bondeorganisasjonane og regjeringa hadde måndag første møte i forhandlingane om ein krisepakke for tørkeramma bønder. Det er bondeorganisasjonane som har tatt initiativ til ein krisepakke for å hjelpe bønder som er hardt råka etter den ekstraordinære sommaren. 

På møtet la bondeorganisasjonane fram ni krav til innhaldet i ein krisepakke. Det er venta at organisasjonane og regjeringa skal forhandle vidare om innhaldet i krisepakken i slutten av denne veka, eller i begynnelsen av neste veke. 

Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag bad regjeringa om ein krisepakke allereie 23. juli i år. Måndag la organisasjonane fram krava sine til regjeringa:

  • Frakttilskot ved innkjøp av erstatningsfôr av gras og halm
  • Auka sats for erstatning av avlingsskade på eigenprodusert grovfôr
  • Individuell vurdering av normalavlingsnivå ved avlingsskade på gras
  • Erstatning for avlingsskade på innmarksbeite
  • Utviding av øvre tak for utbetaling av avlingsskadeerstatning
  • Oppsplitting av vekstgruppe «grønnsaker»
  • Redusert eigenandel for grønnsaker, frukt, bær og potet
  • Auka erstatningssatsar for korn
  • Utsett frist for gjennomføring av investeringsprosjekt