I denne episoden av Landbrukspodden kan du høyre grøntbonden, Åsmund Bjertnæs gi gode råd til dei som skal tilsette utanlandske arbeidarar. Sjølv har han 80 sesongarbeidarar i sving i høgsesongen, dei fleste av dei frå Vietnam. 

 

Ei solskinshistorie

Det har tidvis vore mange negative oppslag i media på grunn av dårlege arbeidsvilkår for utanlandske sesongarbeidarar i landbruket. Men denne gangen skal du få ei skikkeleg solskinshistorie. 

- Vi har funne ein måte å gjere dette på som er bra både for oss som bønder og dei som jobbar for oss. I det store og heile handlar det om å behandle dei utenlandske på same gode måte som ein ville ha gjort med norske arbeidarar., seier Åsmund Bjertnæs, som dyrkar både salat og poteter på garden på Nøtterøy i Vestfold.

Han trur mykje av suksessen skuldast at han rekrutterer direkte og ikkje gjennom eit byrå. Han drar sjølv til Vietnam og kjenner godt til dei han endar opp med å tilsette. I tillegg viser han til at det er lange ventelister med folk som vil komme til Norge og jobbe for han.

-Har blitt betre

Advokat Jan Bangen i Bondelaget meiner det er grunn til å tru at næringa har tatt tak i problema og at det er færre lovbrot enn det som var tilfelle før.

- Arbeidstilsynet jobbar systematisk og det er vi glade for.

Han viser også til at det er eit omfattande regelverk og  at Bondelaget har arrangert fleire kurs om temaet. På heimesidene kan du lese meir om ting du må ha orden på når du skal leige inn utanlandsk arbeidskraft.

-Det er fint å høyre om kor opptatt Åsmund er av at arbeidsfolket hans skal ha det bra og ekstra hyggeleg at han drar på juleferie til Vietnam for å holde kontakten med dei, seier Jan Bangen.Bjertnæs i Vietnam