Først i toget: andre nestleder Brita Skallerud, leder Nils T. Bjørke og første nestleder Berit Hundåla, foto: Per Ole RanbergHan gjekk foran i "Opptog for økt norsk matproduksjon", Bondelagsleiar Nils T. Bjørke, og han var klår i si tale til over 2000 bønder foran kontoret til Statsminister Jens Stoltenberg:

- Landbruksmeldinga er kalt Velkomen til bords. Jens, Sigbjørn, Lars Peder og dei andre i regjeringa inviterte til selskap – og gløymte å sikre mat nok til alle. Stortingets vedtak er ikkje teke på alvor i det tilbodet landbruket fekk. Dei gode måla i meldinga er det ikkje råd å få auga på. Det er oppsiktsvekkande mindre enn ein månad etter Stortingets vedtak, sa Bjørke.

Det må lønna seg å produsera mat i Norge

Det er så enkelt at det må lønna seg å produsera mat i Norge. Fram til landbruks- og matmeldinga vart lagt fram, har Regjeringa i jordbruksoppgjøra tilbode næringa inntektsmogelegheiter som har tilsvart den same kronemessige inntektsveksten som andre grupper i samfunnet. Ja, faktisk har inntektsveksten vorte ørlite betre, fordi nye arbeidsforbrukstal viser at me bønder har vore endå meir effektive enn forutsett i jordbruksoppgjøra.

Inntekt ikkje i nærleiken av andre

- Likevel har ingen produksjonar, verken mjølk, kjøt, egg, grønt eller korn, ei inntekt frå jordbruket i nærleiken av gjennomsnittet for andre grupper i samfunnet. Ei kronemessig lik inntektsutvikling er langt frå nok til å auka matproduksjonen, når inntektene i utgangspunktet ligg så lågt.

Me vart tilbodne ein inntektsvekst under det nivået andre grupper kan forventa seg. Då måtte me reagere, streka Bjørke under med ei tydeleg melding til Regjeringa:

Regjeringa må setja kraft bak eigne mål

- Regjeringa må setja kraft bak eigne mål om å auke norsk matproduksjon over heile landet. Me vil kjempe for eit taktskifte og ei tydeleg satsing!
Me sa under avslutninga av bodstikkestafetten i Oslo i fjor, at dersom det ikkje vart eit løft for norsk matproduksjon ville me samlast i Oslo att, her er me og me kjem att fleire gonger dersom det må til.

Me skal jobbe under slagordet ” kjærleik til norsk mat”.
Me vil auka norsk matproduksjon, men då må det lønna seg å produsera maten, sa Bondelagsleiar Nils T. Bjørke.

Appellen til Bondelagsleiar Nils T. Bjørke

Tydelige appeller for økt norsk matproduksjon

Bilder fra Opptog for norsk matproduksjon

VIDEO fra "Opptog for økt norsk matproduksjon"

Her kan du se video fra aksjoner i Vestfold og litt i fra storaksjonen i Vestfold