- Dei fekk nok eit nytt syn på kor mykje jobb som ligg bak både mjølk og kjøt før det når butikken, seier Anne Lise Sollien Brunes, bonde i Sandnes i Rogaland.

Tysdag morgon inviterte Sandnes bondelag til frokost og landbruksdrøs på Brunes. Lokalpolitikarar frå både KrF, Sp, MDG, Ap, SV og Frp var på plass.

- Me snakka om bruket her, kor mykje me produserer og kor mykje folk det mettar i løpet av eitt år, fortel Anne Lise Sollien Brunes.

Saman med ektemann og bonde Bent-Eirik Brunes, tok ho i mot politikarane heime på garden tysdag morgon.

Garden har både ku og gris. Fjoset er lausdrift med to robotar. Etter ein god runde på garden med mykje informasjon, fekk politikarane servert ein skikkeleg bondefrokost.

Det er ikkje kvar dag ein får politikerbesøk til gards. Anne Lise stod opp 05.30 for å sikra Sandnes-politikarane nybakt brød til frokost. Attåt maten fekk dei også servert ein aldri så liten quiz for å sjå kva dei hadde fått med seg av gardsinformasjonen.

- Etterpå vart dei fleste med ut i fjøset for å sjå på lausdrifta, noko fleire vart imponert av. Dei fekk nok eit nytt syn på kor mykje jobb som ligg bak både mjølk og kjøt før det når butikken, seier Anne Lise.

Her er flere glimt fra møter mellom bondelag og poliktere landet rundt

I Sogn og Fjordane serverte fylkesleiar Anders Felde og styremedlem Kari Sigrun Lysne lunsj til Fylkesutvalet på Leikanger.

Trøgstad Bondelag sitt bilde.

Trøgstad Bondelag inviterte gruppelederne i partiene i Trøgstad til frokost på Grav gård. Ole Kr. Tveten informerte litt om drifta på gården, og det ble vist en film om Østfold-landbruket. Etterpå ble det løs prat om landbrukspolitikk, og politikerne ble satt på prøve med faktaspørsmål om Trøgstad-landbruket.
 

Bamble Bondelag sitt bilde.

Bamble Bondelag har hatt møte med ordføreren og næringssjefen i Bamble kommune, og erfarer at det er nyttig med god dialog og utveksling av informasjon. De delte en kaffe kopp med noe inntil, og selvsagt fersk melk fra fjøset.

Gjerdrum Bondelag sitt bilde.

Gjerdrum Bondelag hadde møte med lokalpoilitikerne i Gjerdrum, et innholdsrikt og nyttig møte der hovedtemaet var jordvern. Vi fikk omvisning på gården og det ble servert god lokalmat på Smestad gård.

 

Suldal Bondelag sitt bilde.

Suldal Bondelag inviterte dei lokale politikarane til eit måltid på garden til Lars Christian Benninghoff og Torhild Vaarvik. Det blei servert smørgraut, "heimelaga" fenalår og lokalprodusert lefse.

Målet for besøket var å bygge vidare på kontakten med politikarane. Styrke kunnskap om landbruket, matproduksjon og verdiskaping lokalt og nasjonalt. Me ville også gi politikarane ein følelse av tilknyting til landbruket, gjennom garden, menneska – og maten.

Torhild gav oss eit innblikk i gardslivet deira - og om satsinga på nytt fjos. Det blei god drøs, spørsmål og inspirerande svar.

Ola Hauge gav informasjon om jordbruksforhandlingane og bondelaget sine synspunkt i forhold til ulike tema.

Måltidet blei ein god arena og samlingspunkt for uformell samtale.