Debatt om klimasmart landbruk

Av Inger Johanne Sæterbakk,
  • Tips en venn om denne siden

Bioøkonomi var tema då fire stortingspolitikarar besøkte representantskapsmøtet til Norges Bondelag. Her kan du sjå debatten i opptak.

Åsmund Aukrust (AP), Marit Arnstad (SP), Ola Elvestuen (Venstre) og Ingunn Foss (Høgre) i debatt på representantskapsmøtet til Norges Bondelag.

Fredag var det debatt om bioøkonomi på representantskapsmøtet i Norges Bondelag. Medlemmar av Energi- og miljøkomiteen på Stortinget var invitert til debatt, og Marit Arnstad (SP), Åsmund Aukrust (AP), Ola Elvestuen (V) og Ingunn Foss (H) stilte til debatt.

- Kan ikkje bli avgiftsbelagt til klimasuksess

- Det trengst eit nasjonalt løft for bioøkonomien, sa styremedlem i Norges Bondelag, Birte Usland då ho innleidde til debatten om framtidas bioøkonomi og klimasmart landbruk.
Hun viste til at norske biomasseressursar både til havs og til lands kan spele ei sentral rolle for å skape fleire grøne arbeidsplassar.

- Klimaendringane krev at vi erstattar svarte karbonar med grøne i alle sektorar. Dette skjer imidlertid ikkje av seg sjølv. Eit godt samarbeid på tvers av hav-, skog- og jordbruksnæringane samt god dialog og tilrettelegging frå styresmaktene si side, sa Usland.
– Og vi kan ikkje blir avgiftsbelagt til klimasuksess, sa ho.

Grunnpilarane føresetnad

Birte Usland peika også på at politikarane må sikre fortsatt nasjonalt eigarskap til konsesjonsloven og auka satsing på forsking og utvikling. Dette trekte både Åsmund Aukruat og Marit Arnstad fram som svært viktig i den etterfølgjande debatten.

- Ein grunnleggjande føresetnad for vekst i grøn sektor er at behalde grunnpilarane i norsk landbruk. Det er jordbrukaren og skogbrukaren som skal eige jorda og skogen .Vi har framelis eit familiejordbruk i Noreg, det er en verdi for alle som meiner vi skal ha eit klimavennleg jordbruk, sa Marit Arnstad.

- Vi må ha klimamål som stimulerer, ikkje som stengjer for utvikling. Den største trusselen mot klimasmart landbruk er å setje i verk forslaga frå Grønn skattekommisjon, sa Arnstad, som sterkt oppmoda Ingunn Foss frå Høgre om ikkje å vedta desse forslaga.

Stortinget utålmodig

Foss, som var den einaste representanten frå regjeringspartia i debatten kunne verken love det eller at det kjem gode klimatiltak i årets tilbod til jordbruksavtale frå staten.
- Men det vil vere veldig rart om klima ikkje får stor plass i det kommande jordbruksoppgjeret, sa ho.
- Vi i Stortinget er utålmodige på det som står i regjeringsplattformen om investeringsfond som også kan gje rom for klimainvesteringar. Vi ser at det er behov for det.
Foss og dei andre debattantane trekte fram prosjektet gratis førsteråd på klima, som Norges Bondelag har tatt initiativ til som eit godt tiltak.

- Landbruket har viktig rolle

- Forslaget om klimarådgiving til norske bønder er klokt. Vi er positive til viljen norske bønder har til å drive meir klimavennleg, sa Ola Elvestuen frå Venstre.
- Landbruket skal løyse mange utfordringar. Landbruket har ei heilt sentral rolle både for å redusere utslepp, men mykje mer for å erstatte fossil sektor. Mat er ein del av det. Mat handlar ikkje bere om å ha nok mat, men det handlar om kvalitet, og å sjå moglegheitene for å få ut verdipotensialet i matproduksjon, sa Elvestuen.

Uaktuelt med kjøttavgift

Åsmund Aukrust representerte Arbeidarpartiet i debatten, og han la vekt på at det for AP er heilt uaktuelt å innføre avgift på raudt kjøtt.

- Norsk landbruk er lengst framme på klima i dag, men det må ikkje vere ei kvilepute, Det viktigaste politiske ansvaret er å gje gode rammevilkår for klimavennleg drift i landbruket, sa Aukrust. Han snakka også om kor viktig det er å ta vare på matjorda.
- Vi må ta vare på matjorda vår. Eg trur det blir mykje større politisk forståing for å behalde denne knappe ressursen i framtida.

 

 

 

Landbrukets klimaplan

Her har vi samlet alle våre saker om Landbrukets klimaplan. Følg med for praktiske eksempler og oppdateringer.

Lars Petter Bartnes på representantskapsmøte

Ønsker forenklede forhandlinger

Etter dagens møte i representantskapet i Norges Bondelag, er målet å gjennomføre jordbruksforhandlinger i vår for å få på plass rammene for matproduksjonen framover.

I dag blir landbrukets klimaplan overlevert

Landbrukets klimaplan er oppe til vedtak i et samlet landbruk i dag, og deretter overrakt i et videomøte mellom statsrådene Bollestad og Rotevatn i regjeringskvartalet, og bondelagsleder Lars Petter Bartnes fra Trøndelag.

Kan levere mer melk

Melkekvotene for kumelk øker med fem prosentpoeng for å demme opp for usikkerhet i markedet.

Årsmøtet i Norges Bondelag er utsatt

Styret har vedtatt å utsette representantskapsmøtet og årsmøtet 9.-11. juni. Så snart situasjonen tilsier det, vil det bli vurdert en nytt tidspunkt for gjennomføring av årsmøtet i 2020.

Ny ordning kan gi mer arbeidskraft i landbruket

Regjeringa innfører en ordning som gjør det mer gunstig for permitterte å ta seg jobb i landbruket. – Løsningen kan bidra til at flere ønsker å ta seg arbeid i landbruket, sier Bartnes.

Bondelaget vil bidra til trygg forsyning av mat

- Stortinget har slått fast hvor viktig matforsyningen er for samfunnet. Vi vil samarbeide for å sikre trygg forsyning av mat i den usikre situasjonen vi er i, sier bondelagsleder Bartnes.

Dette skjer i Norges Bondelag

Tirsdag
21
april

Kornkonferansen 2021

Oslo Kongressenter, Youngs gate 21, Oslo
Onsdag
22
april

Styremøte

Landbrukets hus
Tirsdag
26
mai

Styremøte

Landbrukets hus

Våre samarbeidspartnere