-All mat som blir omsett i Noreg skal vere trygg, derfor er det ansvaret bonden tar viktig, sa Jon Georg Dale då han gjesta Bondetinget i dag. Frå talarstolen gav han fire utfordringar til norsk matproduksjon: Mattryggleik, auka matproduksjon, landbruk over heile landet og berekraft.

Opptatt av mattryggleik

- Matproduksjon må ikkje berre vere sikkert i volum, men også i måten han skjer på. All mat som blir omsett i Noreg skal vere trygg, derfor er det ansvaret bonden tar viktig, sa Jon Georg Dale, og viste til den jobben norske bønder har gjort for å nedkjempe MRSA i svinehaldet. Han retta sterk kritikk mot det dårlege dyrehaldet som har blitt avdekka hos enkelte slaktegrisprodusentar den siste tida.

- Det er ikkje akseptabelt ikkje å ta vare på dyra sine viss ein er matprodusent i Noreg, sa statsråden, og utfordra næringa til sjølv å rydde opp, og å gjere det raskt.

Dale utfordra også næringa til å bli meir offensive for å finne marknadsmoglegheiter for maten vi produserer.

- Det må jobbast meir på marknadssida

- Vi skal auke matproduksjonen. Det er marknaden, ikkje politikken som sett grenser for produksjonen. Det må jobbast meir på marknadssida i norsk matproduksjon, sa Dale.

- Vi er for defensive på moglegheitene vi har i den norske marknaden. Viss den innanlandske marknaden skal avgrense produksjonen, kan vi snart ikkje produsere meir. Kostnadane per produserte eining må ned, om vi skal halde oppe konkurransekraften, hevda statsråden.

Dale snakka også om kor viktig det er med landbruk over heile landet.

Inviterte til klimadugnad

- Vi skal ha auka verdiskaping av det norske landbruket. Derfor må vi ha meir kanalisering. Vi må halde opp investeringane og produktiviteten. Det er heilt avgjerande også for rekruttering, sa statsråden.

Den siste utfordringa hans til årsmøtet i Norges Bondelag, var ein dugnad for å kutte klimautslepp.

- Vi har invitert til ein dugnad for å redusere klimautsleppa frå jordbruket. Det er fordi vi erkjenner at det er vanskeleg å reduserere klimautsleppa og samtidig halde opp produksjonen, sa Dale