- Dette er ikkje eit punktum, men eit kolon. Slik konkluderte saksordførar Kårstein Løvaas då Daglegvaremeldinga var oppe til debatt i Stortinget.  Eit einstemmig Storting meiner konkurransen er for dårleg i daglegvarebransjen og at kjedane har for stor makt.

Betre merking av kjedane sine eigne merkevarer

Stortinget behandla 2. februar den mykje omtala Daglegvaremeldinga. Meldinga frå regjeringa tok for seg konkurransesituasjonen i daglegvaremarknaden og slo fast at konkurransen ikkje var god nok. Næringskomiteen på Stortinget skjerpa tonen og kom med fleire tiltak.

Mellom anna ynskjer eit fleirtal i komiteen betre merking av kjedane sine eigne merkevarer (EMV), tiltak for å betre konkurransen om distribusjon og at rabatten skal følgje vara heilt fram. Regjeringa blir bedt om å sikre tett tilsyn med vertikal integrasjon og vertikale bindingar som kan skade konkurransen og konsentrasjon av kjedemakta. Eigne merkevarer må ikkje få ei så dominerande stilling at dei pressar ut andre aktørar og hindrar innovasjon, meiner Stortinget. Dei ynskjer også grensehandelsbarometer.

- Det er konsensus om at konkurransen ikkje er god nok, slo Kårstein Løvaas frå Høgre fast under debatten. Han slo fast at næringa treng eit kontinuerleg tilsyn, og at dette berre er starten.

- I dag er makta konsentrert, vi kan ikkje tillate den å bli mykje meir konsentrert utan å måtte sjå på enno meir inngripande tiltak, Løvaas.

Semje om betre tiltak

Terje Aasland frå Arebeiderpartiet var einig med Løvaas og påpeika at det har skjedd ei utvikling sidan den såkalla matmaktmeldinga kom for 10 år sidan.

- Det er no brei semje om at vi treng tiltak. Dette har endra seg sidan Steensnæs-utvalet, sa Aasland. Han fekk også gjennom debatten med seg Løvaas på eit forslag om å krevje grunngjeving frå dominerande leverandørar om ulike innkjøpsprisar. Senterpartiet vil vite konsekvensane av eit slikt forslag før dei eventuelt er med på det.

EMV og vertikal integrasjon sentralt

Men Arbeiderpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti fekk ikkje regjeringspartia med på forslag om ei grunngjeving også knytt til store skilnader i marginpåslag for EMV og merkevarer frå industrien. Dette har også Norges Bondelag foreslått. SV og Sp ville gå enno lenger, og vil forby matvarekjedane å produsere EMV.

Betre konkurranse på distribusjon var også eit viktig tema frå fleire av partia. Eit fleirtal i Stortinget meiner tilgangen på grossist- og distribusjonstenester må skje på like, konkurransedyktige og transparente vilkår, og meiner det hastar med å kome tilbake med tiltak. Dei ynskjer rekneskapsmessig og funksjonsmessig skilje mellom dei ulike ledda i verdikjeda.

- Det er gledeleg at Stortinget ser dei same utfordringane som vi har påpeika i årevis, og at dei som vi er utolmodige etter tiltak. Regjeringa kan ikkje late vere å følgje opp så sterke tilrådingar, seier Bartnes.