Leder i Norges Bondelag, Nils T. Bjørke. Foto: Ragna Kronstad.

Norsk matproduksjon står på spel 9. september. Partia me kan velgje mellom har svært ulike haldningar til korleis ei av våre eldste og mest tradisjonsrike næringar skal vidareutviklast. Gjennom valkampen har Norges Bondelag forsøkt å gjere desse haldningane tydelege for deg som velgjar. No oppmodar me deg til å nytte stemmeretten din.

Klikk her for å se hvordan vi vurderer partienes landbrukspolitikk

Tre gode grunnar til å stemme:

  • Eit velfungerande demokrati er avhengig av deltaking. Partia, og personane som står på vallistene skal representere deg og di meining om korleis Norge utviklar seg vidare. Stemmer du ikkje har du gjeve frå deg det viktigaste verktyet til å påvirke din eigen kvardag.
  • Norge er eit av verdas beste land å bu i. Oljen har gjort oss rike, men har også ført til at kostnadane ved å produsere mat her til lands er vesentlie høgare enn dei fleste andre land.  Å produsere vår eigen mat er difor eit verdival – eit val som krev politiske vilje til å støtte norske bønder i produksjonen av trygg og god mat.  Denne viljen er ulikt fordelt partia mellom.
  • Me bur i eit vakkert land. Eit land som gjennom generasjonar har vorte forma av bøndene sitt slit for å skaffe mat til norske frukost- og middagsbord. Det er i dette landet me likar å feriere – og det er dette landet utanlandske turistar betalar for å få oppleve. Vil me bevare dette Norge, må dei som styrer ønskje - og legge til rette for - eit landbruk over heile landet, og ikkje berre i dei mest sentrale og fruktbare områda.

På vegner av Norges Bondelag og norske matprodusentar ønskjer eg deg eit godt val.

Mvh

Nils T.Bjørke
Leiar av Norges Bondelag.