Bruk EØS-handlingsrommet på avskogingsforordninga!
Norges Bondelag oppmodar regjeringa til å bruke handlingsrommet i EØS-avtala til å påverke prosessen som no går i EU om avskogingsforordninga, og å tilpasse regelverket til norske forhold.
EU vedtok avskogingsforordninga i 2023. Denne forordninga skal hindre at produkt frå avskoging eller skogforringing skal hamne på EU-marknaden. Etter planen skulle iverksetjinga skje ved nyttår i 2025. Men dette vart utsett eitt år. I haust foreslo miljøkommissæren i EU å utsette det eitt år til på grunn av datautfordringar, men Kommisjonen samla kom så tilbake og foreslo at større bedrifter likevel skulle gjennomføre forordninga frå nyttår. Men mange av medlemslanda i EU er kritiske, og det er framleis uklart kva EU vil hamne på. Fleire land og parlamentarikarar vil også ha forenklingar i sjølve forordninga.
Noreg har vedteke å ta inn deler av forordninga, for produkt som er dekka av EØS-avtala. Hud og skinn frå storfe og tømmer er regulert gjennom EØS-avtala og blir dermed regulert gjennom forordninga. Norges Bondelag har sendt høyringssvar om innføringa i Noreg.
Påverke og tilpasse regelverket til norske forhold
No meiner Bondelaget regjeringa må nytte sjansen til å prøve å påverke prosessane i EU medan den enno ikkje er ferdigstilt. Det er i tråd med ynsket om å bruke handlingsrommet i EØS-avtala betre og opprettinga av eit EØS-forum, noko Bondelaget saman med skogorganisasjonane tok initiativ til.
- No har regjeringa sjansen til å bruke handlingsrommet i EØS-avtala til å påverke avgjerdsprosessar i EU og få eit betre utfall for norske bønder og skogeigarar. Bruk det! seier leiar Bjørn Gimming i Norges Bondelag.
Han påpeikar at dette handlingsrommet også må brukast til å tilpasse regelverket til norske forhold. I brevet uttrykker han også at Norges Bondelag er nøgd med at regjeringa gjekk for delvis og ikkje full implementering av avskogingsforordninga, og dermed utnytta handlingsrommet utanfor EU.
I brevet blir det også vist til at Sverige har definert skog som tidlegare var åkermark frå 1960 og seinare som midlertidig skoglagt mark, og dermed kan selje tømmer og storfe frå området utan å bryte avskogingsforordninga.
Regjeringa må bruke alle moglegheiter som ligg i tilpassing av regelverket til norske forhold.
Bjørn Gimming, leiar Norges Bondelag
I brevet peikar Norges Bondelag på tre tiltak for forenkling som regjeringa bør jobbe for: Forordninga må ikkje få tilbakeverkande kraft, det må innførast eigen kategori for land med neglisjerbar risiko for avskoging og innføring av felles eigenerklæring for bedrifter som handlar med små og mellomstore bedrifter i staden for å måtte laste opp store mengder data frå enkeltbønder. Her kan du lese hele brevet.
Svekka produksjonsbasis
Konsekvensar for Noreg var tema under Nei til EUs landbrukskonferanse.
- Produksjonsbasen for norsk mat vil gradvis bli svekka, sa fagdirektør Ola Nafstad i Animalia under sin presentasjon. Han peika på at forordninga vil føre til at det blir slutt på nydyrkinga og at bonden på den måten vil ha reduserte moglegheiter for å utvikle garden og næringsgrunnlaget, noko som igjen kan påverke den norske matsikkerheita.
Nafstad viste også til det ekstra arbeidet som blir lagt på bonden og næringa. Det må nemleg dokumenterast at storféet som det blir levert hud frå ikkje har beita på avskoga område, eller at hogging av tømmeret ikkje har ført til avskoging. Dette fører til ekstra byråkrati og kostnader både for bonden og styresmaktene.
Og det kan også synest underleg at forbodet berre vil gjelde landbruket, og ikkje andre næringar.
- Det er også eit paradoks at berre avskoging til landbruksformål er regulert, medan avskoging til dømes til byutvikling og vegutbygging ikkje er dekka, påpeika Nafstad.
På Nei til EUs landbrukskonferanse vart også GMO og handlingsrommet i EØS-avtala, diskutert. Sjå meir om konferansen her.