Modellbonde Katie Mkanda viser fram forsøksfeltet med mais der ho tek i bruk nye dyrkingsmetodar, foto: Hildegunn Gjengedal.Dei  nye dyrkingsmetodane har ho lært gjennom modellbondeprosjektet til Utviklingsfondet. Bondelaget støttar prosjektet.

Katie Mkanda viser stolt fram forsøksfeltet der ein tydeleg kan sjå skilnader mellom mais dyrka med gammal og ny metode. Ved hjelp av m.a. punktgjødsling basert på lokal husdyrgjødsel og kompost er avlinga dobla. Katie les opp frå sirleg nedteikna notat om dyrkingsmetodar ho har lært på kurset for modellbønder arrangert av Utviklingsfondet sin lokale partner, og støtta av Norges Bondelag.

Merkar klimaendringane

Ho fortel om korleis ein kan bruke gjødsel frå geiter, kyr og kylling, og om lag på lag med maisblad, gras, risblad og bananskal som blir god grobotn for nye avlingar. Avlingsrotasjon mellom mais, jordnøtter og cassava, og planting av nitrogenfikserande tre mellom maisen har ho også lært om på kurset. Auka avlingar kjem vel med for å brødfø familien etter at mannen fall frå i fjor. No driv ho garden saman med sonen. Kjøpegjødsel er dyrt, sjølv om staten delvis subsidierer til dei som treng det mest. Ein sekk kostar meir enn ei månadsløn. Katie har også lært om korleis klimaendringane verkar inn på bøndene sin kvardag, noko ho kjenner sjølv på kroppen.

- Regnmønsteret har endra seg. Før kom regnet normalt i oktober / november, no kjem det ujamt mellom desember og mars. Det gir dårlegare avlingar, seier Katie.

Malawi er av FN vurdert som eitt av landa i Afrika som blir hardast ramma av framtidig tørke som følgje av klimaendringar.

Lærer opp andre

Bak Katie sit fem damer og følgjer godt med. Katie er vald av landsbyen som modellbonde. Ho får dermed opplæring som ho fører vidare til sine kollegaer i landsbyen. Fem kvinner og to menn har meldt seg som “følgjebønder” til Katie. Dei får opplæring i bærekraftige landbruksteknikkar og måtar å bevare miljøet rundt seg. Mellom dei er svigerinna til Katie, som også nyleg er blitt enke og må brødfø heile familien. Katie er også utstyrt med ein sykkel frå prosjektet, som ho kan bruke for å nå ut til lærevillige bønder som bur lenger borte.

Katie er ei av rundt 900 modellbønder som inngår i Utviklingsfondet sitt prosjekt i Malawi. Prosjektet er blitt så populært at den malawiske staten har kopiert konseptet. Utviklingsfondet samarbeider også med enkelte landbruksavdelingar på  fylkeskommune nivå i Malawi om prosjektet. Såfrøbankar, lånegrupper, kvinnesatsing og oppbygging av kooperativ er også tiltak som inngår i Utviklingsfondet sitt prosjekt. Knut Andersen frå Utviklingsfondet leiar Malawi-kontoret og følgjer prosjekta tett. Han er ikkje redd for å seie ifrå når noko ikkje er som det skal, men i dag er han nøgd:

- Katie er ein svært god modellbonde. Det er tydeleg at ho har lært mykje på kurset ho deltok på, og evna å overføre kunnskapen til dei andre bøndene. Eg er godt nøgd, seier Andersen.

Bli fast gjevar

Han er svært glad for at Norges Bondelag frå januar inngjekk avtale om å støtte Utviklingsfondet sitt Malawi-prosjekt. No håpar han at mange vil verve seg som faste gjevarar.

- Vi er heilt avhengige av faste gjevarar for å få prosjekta til å gå rundt, seier Andersen.

Viss du vil støtte prosjektet med enkeltbeløp eller bli fast gjevar, kan du finne informasjon her:

Malawiprosjektet - Bønder støtter bønder

Sjå film om prosjektet og intervju med Katie og Knut:

Utviklingsfondet i Malawi from Karine Bogsti on Vimeo.