– Lova er ein fordel for alle, sa næringsministeren under den årlege konferansen for det uavhengige handelsombodet.

I 2013 vart Christine Tacon oppnemnd til Groceries Code Adjudicator (GCA), eller ombodsperson som skal overvake at daglegvarekjedane handsamar leverandørane lovleg og rettferdig, slik det er nedfelt i den britiske lova om god handelsskikk (Groceries Supply Code of Practice). Lova dekker dei 10 største daglegvarekjedane i Storbritannia. Tacon har ein liten stab på 5-10 tilsette, og sjølv er ho ikkje ein gong tilsett i full stilling. Kontoret er uavhengig.

Kvar vår arrangerer Tacon ein konferanse der ho rapporterer om utviklinga og presenterer ei spørjeundersøking. Årets undersøking viser at lova og den uavhengige ombodspersonen sitt arbeid har hatt effekt. Talet på saker der leverandørane meiner daglegvarekjedane har brote lova har t.d. gått ned frå ca 80% av dei spurde i 2014 til rundt 40% i 2017. Dei aller fleste daglegvarekjedane har betre sin oppførsel.

- Undersøkinga viser ei svært positiv utvikling, og det er ikkje tilfeldig at dei fire daglegvarekjedane som har størst betring er også dei som vi har jobba mest med, seier Christine Tacon.
 

Trengs kulturendring

Ombodskvinna er også oppteken av at det ikkje er talet på saker som tel. Det er dialog og opplæring og bruk av gode døme som gjer endringa, og trugsmålet om å gjere inngrep. Ho viste til eit ferskt døme: Nyleg hadde det oppstått eit rykte om at ei daglegvarekjede planla endring i praksis som kunne føre til brot på lova. Tacon hadde ein dialog med kjeda, og endringa skjedde ikkje.

- Det er ein kultur som må endrast, seier Tacon.

Sakene dei får inn dreier seg om t.d. for sein innbetaling, betaling for hylleplass, fjerning frå hyllene utan grunn, for dårleg planlegging av sal, og salskampanjar. I vår starta Tacon sak mot Co-op-butikkjeden på grunn av mistanke om brot på lova gjeldande fjerning av produkt frå hyllene.
 

Butikkane også nøgde

Sjølv om daglegvarekjedane var kritiske til innføringa av lova, ser dei no også fordelar og er nøgde med utviklinga.

- Vi har fått eit meir ryddig og godt forhold til leverandørane, sa kommersiell direktør i Morrison supermarkets, Darren Blackhurst.

Næringsminister Andrew Griffiths var stolt over kva Tacon hadde oppnådd.

- Dette er ei god ordning for alle partar, sa Griffiths. Han viste også til at lov og ombodsordninga hadde ført til endra praksis i andre deler av verdikjeden. Til dømes er det no innført obligatoriske avtaler mellom bønder og industri om mjølkeprisar og kjøtkategoriar.
 

Gode råd til Noreg

På spørsmål frå Bondelaget om gode råd til den norske prosessen, sa Tacon at dei hadde erfaring med at frivillig ordning ikkje fungerer, og at det var svært viktig kven som fekk jobben som ombodsperson:

- Det må vere ein person som kjenner sektoren godt og som kan rulle opp ermene og gjere ein god jobb. Det nyttar ikkje å berre setje ein gammal avdanka dommar på jobben, sa Tacon. Sjølv har ho bakgrunn frå sal og marknadsføring, m.a i innkjøpssamvirke, Vodafone og Mars.

Men Tacon har framleis store oppgåver føre seg i dei minst to åra til ho sit i stillinga.

- Det er framleis ein frykt for reprisalier om ein kjem med klage. Dette trass i at eg ikkje har fått ei einaste melding om at dette har skjedd, seier Tacon, som også gjerne også skulle sett at lova var betre kjend utanfor den indre krins.

Sjå meir på heimesida til ombodskvinna her: https://www.gov.uk/government/organisations/groceries-code-adjudicator