Slik konkluderte økonomiprofessor Mathias Binswanger under eit seminar på WTOs offentlege forum, arrangert av Norges Bondelag i samarbeid med sveitsiske og kanadiske bønder.

Binswanger peika på at bøndene har lite makt i verdikjeden for mat, og at etterspurnaden etter mat er lite elastisk. Dess meir effektive bøndene er, dess meir fell prisen. Det blir også skild lite på kvalitet i dei fleste matvarer.

- Bøndene sel det meste av sine produkt til matvareindustrien eller daglegvarehandelen. Mange små seljarar (bøndene) av homogene produkt forheld seg til få store kjøparar. Difor er makta hjå kjøpar. Etterspurnaden er i tillegg lite elastisk. Mat må ein ha, så ein kjøper mat uansett pris, forklarte Binswanger.

Treng støtte og tollvern

Binswanger konkluderte med at ein må gi støtte og tollvern for å oppretthalde landbruk i mange land. Han brukte sitt eige heimland som døme:

- Følgjer ein prinsippet om komparative fortrinn ville Sveits måtte gi opp det meste av sitt landbruk. Sjølv om bøndene blir mykje meir produktive, kan dei aldri konkurrere på verdsmarknaden. Landbruket kan berre overleve med støtte og tollvern, konkluderte Binswanger.

Gimming: Risikabelt å satse alt på import

Bjørn Gimming representerte Norges Bondelag på seminaret. Foto: Hildegunn Gjengedal

Nestleiar Bjørn Gimming i Norges Bondelag sat også i panelet under debatten. Han peika på at det er risikabelt å satse på produksjon i nokre få område i verda viss ein skal brødfø 10 mrd menneske i 2050 i eit skiftande klima: - WTO-regelverket må ikkje hindre matproduksjon i marginale område. Skal vi brødfø eit veksande folketal i endra klimatiske forhold må vi ha produksjon i alle land, sa Gimming.

Leiaren for bondelaget på New Zealand, William Rolleston, meinte derimot at handel er viktig for å sikre matforsyninga. Han meinte derimot at bøndene der var meir nøgde etter at dei fjerna toll og støtte på 1980-talet. New Zealand, med eit folketal på 4,5 millionar, produserer 35% av all mjølka på verdsmarknaden.

- Matsikkerheit er ikkje matsuverenitet. Eit land skal sørge for at folket har nok mat, nasjonal eller importert. Vi må produsere mat mest mogleg effektivt for å kunne brødfø verda, sa Rolleston.

Leiaren for det kanadiske bondelaget, Ron Bonnett, som har både store eksportørar og importørar som medlemmer, meinte derimot det er viktig å ha produksjon i alle land.

- Vi må produsere så mykje som mogleg nasjonalt, så supplere med import. WTO må anerkjenne dette.

Internstøtte i fokus i WTO

Paneldebatten vart arrangert som eitt av mange parallellseminar på det årlege WTO Public Forum. Rekordmange 2200 deltok i årets forum. Tema i år var inkluderande handel, og generaldirektør Roberto Azevedo slo i si innleiande tale fast at nokre grupper ikkje nyt godt av handelen, og at ein må jobbe for å inkludere desse gruppene meir i handelen. Siste tala frå WTO viser ein dramatisk nedgang i handelen, ikkje sidan 2008 har den vore så låg. – Det er ikkje uvanleg med eit tilbakeslag for handelen i vanskelege tider. Men no går det i feil retning, vi treng action, sa Azevedo.

EUs handelskommissær Cecilie Malmstrøm viste til EUs handlingsplan for handel, som vektlegg at handelen må vere effektiv og ”trickle down” til dei som treng det, open og verdibasert, slik at den ivaretek standardar for miljø, arbeidsliv og menneskerettar.

Det har ikkje vore store framsteg i WTO-forhandlingane sidan ministermøtet i Nairobi i desember 2015. Fram mot neste ministermøte i 2017 er fokus på landbukssida retta inn mot internstøtte, men lite konkret ligg førebels på bordet.