Bønder på klatrekurs i Aurland

Publisert 06.10.2015
  • Tips en venn om denne siden

Sommarbeite på Vestlandet kan gi bøndene utfordringar ein fjellklatrar verdig. I Aurland har Bondelaget gått nye vegar og fått opplæring hjå den lokale klatreklubben.

Av: Gøril Tveiten Lie, leiar i Aurland Bondelag

Mange av beiteområda i sognakommunene er av ein slik art at bønder ofte må førebu seg på redningsaksjonar for å få dyra trygt heim til gards. Ein bonde må sjølv definere kva ein treng for kunnskap for å ha eit sikkert arbeid. Fleire av oss har nok stått i fjellsidene, kjent på kaldsvetten og grubla: korleis skulle ein eigentleg ha festa tauet, og korleis var nå denne knuten som såg ut som eit åttetal.. Det er då ein skjønar at ein treng eit kurs.

På klatrekurs

Bondelaget i Aurland tok derfor kontakt med Aurland klatreklubb, og klatrekurset var snart ein realitet. Både aurlendingar og lærdøler meldte seg på, med stort aldersspenn; yngste deltakar var 12! Kurset strekte seg over to dagar, heile vegen leia stødig av  Kristjan Arnason og hjelparar frå den lokale klatregruppa. Første dag vart tilbrakt i den flotte klatreveggen i Aurlandshallen. Her hadde me teori, knutetrening og elementær sikring i trygge forhold. Andre dag derimot var me overlatne til dei premissane som naturen sjølv set, like over tunnellopningen på verdas lengste tunnell.

Ei lærerik oppleving

Det kitla godt i magen å skulle la seg sleppe ned den 15 meter høge veggen, med biltrafikken berre få meter unna ein avsats lenger ned. Dei som køyrde E16 denne dagen fekk god underhaldning på veg inn i tunnellmørkret. Trass i nerver og høg puls, kunne alle deltakarane føle seg i trygge hender. Sikkerhet og rutine var prioritet ein. Kyndig og erfaren leiing gjorde kurset til ei god, morosam og ikkje minst lærerik oppleving for alle deltakarane. Dei gode tilbakemeldingane gjer at me neppe har sett siste klatrekurset i Aurland.

Staten vant ulverettsaken

WWF fikk ikke medhold i at lisensjakta på ulv i vinter var ulovlig. – Vi er først og fremst lettet på vegne av folk som lever i områder med ulv og beitenæringen, sier Einar Frogner, rovviltansvarlig i Norges Bondelag. Bondelaget var partshjelp for Staten.

ulv, rovdyr

Advarer mot nedleggelse av rovviltnemnder

Et regjeringsoppnevnt ekspertutvalg anbefaler at dagens rovviltnemnder legges ned og at fylkeskommunen får makta over investeringstilskudd i landbruket. Bondelaget advarer mot forslagene.

Dette skjer i Norges Bondelag

Onsdag
23
Mai

Styremøte i BS (telefonstyremøte)

Landbrukets hus
Onsdag
23
Mai

Styremøte

Landbrukets hus
Mandag
04
Juni

AU-møte

Scandic Lillehammer Hotel

Våre samarbeidspartnere