Det gode og varme sommarvêret er noko folk flest gler seg over. Men det byr også på utfordringar. Tørke er eit problem for mange bønder, og det gir også ekstrem brannfare fleire stader. Fleire av fylkeslaga til Norges Bondelag har derfor gått ut og oppmoda bøndene i fylket til å fylle gjødselvognene med vatn.

- Viktig at folk stiller

- Det ville vore kjempeflott dersom alle bønder som har moglegheit til det hadde vatn ståande på vogna. Dette ville hatt mykje å seie for brannberedskapen. Om det skulle ta av med ein storbrann, er det behov for at folk stiller, seier Oddvar Mikkelsen, leiar i Møre og Romsdal Bondelag, eitt av fylkeslaga som har bedd folk om å stille i beredskap. 

Det tar tid å fylle opp tanken på gjødselvogna, og ein del av beredskapen er at dette er klart før det eventuelt skjer noko. 

Bønder har tidlegare bidratt til å hindre skadeomfanget ved brann, ved å stille opp med gjødselvogner fylt med vatn. 

Dei næraste til å hjelpe

– Vi har bønder i alle bygder over heile fylket. I mange tilfelle vil dei vere dei næraste til å hjelpe om det skulle begynne å brenne. Det viktigaste for oss er å væee klar om noko skulle skje, seier Mikkelsen.

Også styremedlem i Sogn og Fjordane Bondelag, Henriette Sunde har gått ut og oppmoda eigne medlemmar til å fylle vogna og melde ifrå til fylkeslaget. 

- Det er viktig at vi gjer det vi kan. Derfor er det viktig å fylle opp møkkvognene med vatn slik at dei er klare om det skulle vere behov, seier Sunde, som ber folk fylle vognene der det er rikeleg med vatn, og ikkje restriksjonar. 

Ber folk sette seg på liste

Både Hedmark Bondelag og Oppland Bondelag ber folk fylle tanken og ta kontakt for å setje seg på ei beredskapsliste. Denne lista blir send inn til 110-sentralen. 

Hedmark: 

Dei som vil vere ein del av brannberedskapen, må gi melding til Hedmark Bondelag seinast søndag 3. juni. Då blir lista send over til 110-sentralen. Tankane må då vere fylt opp. 

Send tnamn, kommune og mobilnummer til hedmark@bondelaget.no

Oppland: 

Fyll opp tanken og send namn, kommune og mobilbnummer til oppland@bondelaget.no innan søndag 3. juni.