Fylkesleiaren i Vest-Agder Bondelag, Birte Usland, er klinkande klår på at ho ikkje kan tilrå å underskrive ein avtale med staten kor bøndene fær tilbod om ei lønsauke på 13 000 kroner. Den generelle lønsveksten i Noreg er forventa å verte på 17 500 kroner for "vanlege" lønsmottakarar i 2012.

Bøndene alt i utgangspunktet ligg langt etter i lønsutviklinga, strekar Usland under.  - "Det kan då ikkje kome på tale å underteikne ein avtale før 17 000 kroner i lønsauke vert passert med god margin."