Når ho no kjem med si eiga kokebok «Bodils spiskammers» på Selja Forlag, har ho funne inspirasjon og råvarer til oppskriftene i heimbygda Gloppen i Nordfjord. Mange av produsentane som leverer bær, frukt, kjøt og fisk til Bodils kjøkken vert presenterte i boka.

Gamle tradisjonar med moderne vri

 «Bodils spiskammers» byr på lekre rettar og menyar til kvardag og fest – med drikketips til kvar rett. Oppskriftene byggjer gjerne på gamle mattradisjonar, men har ein moderne vri.

Bodil har laga oppskrifter på forrettar, hovudrettar og dessertar som er enkle å følgje, og av råvarer alle finn på butikken.

Suksess som kjøkkensjef

Bodil Fjellestad Eikrem gjer suksess som kjøkkensjef ved Gloppen hotell, og vart kåra til bondelagskokk i 2013/2014. Ho har bakgrunn frå velrenommerte restaurantar som Lofoten fiskerestaurant i Oslo og Spisekroken i Bergen.

«Bodils spiskammers» byr og på «noko attåt». Medforfattar Ove Eide har i tillegg til å presentere leverandørane, sett på lokale mattradisjonar og historia til Gloppen hotell.

Les meir om bondelagskokken her.