Bodil Eikrem Fjellestad

 

- Tittelen Bondelagskokk er noko av det eg har bore høgast. Det har vore ei kjekk tid.

Bodil Eikrem Fjellestad har vore Bondelagskokk i to år. Det er ei tid ho ser attende på med eit smil. Ho tykkjer ikkje det har vore noko heseblesande og har hatt full jobb utanom.

- Eg fekk til og med eit barn i denne perioden, fortel ho.  

Fjellestad har vore Bondelagskokk i 2013 og 2014. Med tittelen fekk ho eit kokkestipend på 100. 000 kroner. Målet var å promotere norsk matkultur og spreie  kunnskap om råvarer produsert av bønder i heile landet. 

 

Nytta stipendet på kokebok

Fjellestad signerer her kokebøker. Ho håpar det vert mykje firkanta gåver under juletrea i år.

 

- Det har vore veldig kjekt å jobbe med boka.

Fjellestad nytta heile stipendet på å gje ut eiga kokebok. Det var ein draum som gjekk i oppfylling.

- Eg er veldig nøgd med resultatet.

 

No er det slutt

Bodil Eikrem Fjellestad

 

- Det er litt vemodig å gje frå seg tittelen.

Etter to år er eventyret som Bondelagskokk over for Fjellestad. Ho ser attende på ei minnerik tid.

- Bondelaget i Oslo har vore flinke til å nytte meg under ulike arrangement. Vidare har eg hatt mange foredrag om lokalmat i Norge. Det har vore så mykje moro, det er noko eg aldri ville vore forutan.

No håpar Fjellestad at Bondelaget finn ein ny og bra kokk.

 

Sjå video med Bondelagskokken her:

https://www.youtube.com/watch?v=DVvXeyKW_NQ&feature=youtu.be

 

Er du den nye Bondelagskokken? Sjå her:

http://www.bondelaget.no/forside/er-du-den-nye-bondelagskokken-article78895-6.html