Bodil Fjellestad Eikrem var ein blant 28 engasjerte kokkar som søkte om å få tittelen bondelagskokk for 2013-2014. -Når valet fall på Bodil, var  hennar samarbeid med lokale bønder, og det ho gjer i praksis avgjerande, seier juryleiar Nils T. Bjørke. -Bodil har allereie synt at ho kan lyfte opp matglede og verkeleg få fram verdien av lokalprodusert mat. Det gjer noko med stoltheita til bonden, seier Bjørke. Bjørke rosar og Gloppen Hotell som har våga å satse på dei lokalproduserte råvarene. -Det er eit stort steg å ta, men de har til dei grader lukkast, meiner Bjørke. -Dei lokale bøndene sine eigne produkt syner tydeleg att, og måltidet vert ei oppleving frå ende til anna. Vi gler oss til å samarbeide med Bodil dei neste to åra, og er allereie visse på at det skal verte eit godt samarbeid, seier Bjørke.

Vi treng fleire som Bodil

Mange er imponerte over kva den unge kokken Bodil Fjellestad Eikrem har fått til, noko som kom tydeleg til uttrykk då Bondelaget markerte utnemninga den nye medspelaren. -Vi har sett stor pris på deg og din kompetanse tidlegare. Når du no er blitt bondelagskokk gjer det oss sjølvsagt ekstra stolte, seier leiar i Sogn og Fjordane Bondelag, Per Hilleren. - Den siste tida har tydinga av rein og trygg mat kome i søkjelyset. Vi ønskjer å produsere dei gode råvarene, seier Hilleren. Han meiner vi treng fleire som Bodil som kan bane veg og få fokus på kvalitet og "det gode måltid". -Eit måltid tilbereidd og presentert slik som vi ser døme på her, kan vere med å gjere forbrukaren meir medviten og påverke val av produkt, påpeiker Hilleren.

Stoltheit og glede for norsk mat

Bodil Fjellestad Eikrem uttrykte stor glede over den nye tittelen hennar. -Vi har allereie lagt planar, og eg gler meg til samarbeidet med Bondelaget, smiler ho. Bondelagskokken skal bidra til å skape stoltheit og glede for norsk mat frå bonden via kokk til forbrukarane, noko den unge kokken gjer på ein framifrå måte.

Leiar i Norges Bondelag, Nils T. Bjørke, og leiar i Sogn og Fjordane Bondelag, Per Hilleren, var blant dei mange som ville gratulere Bodil Fjellestad Eikrem med tittelen som Bondelagskokk 2013-2014