Nils T. Bjørke har gjeve valnemda melding om at han ikkje tek attval på årsmøtet i juni.

 - Familien har lenge teke eit stort ansvar for drifta på garden heime på Voss. Det er en totalvurdering som gjer at eg endar på eit nei, seier Nils T. Bjørke.

 Bjørke  har vore seks år i forhandlingsutvalet og fem år som leiar.

 - Det vert godt å få meir tid på garden som bonde, seier Bjørke.

Men Bjørke seier at no er det fult trøkk på dei mange oppgåvene framover, ikkje minst årets jordbruksoppgjer.

 - Norges Bondelag er ein solid organisasjon med mange dyktige tillitsvalde og tilsette. Det  at vi dreg godt i lag er  avgjerande for at vi oppnår resultat for den norske bonden, seier Bjørke.

 Kristin Ianssen og Brita Skallerud tek attval.

Styremedlemmer på val for to år

 Tre andre styremedlemmer står også på val. Det er Synne Vahl Rogn, Bjørn Gimming og Gustav Grøholt. Vahl Rogn har gjeve beskjed om at ho gjer seg i styret etter to perioder.

 Ordfører og varaordfører

Både ordførar og varaordførar samt varamedlemmer tek attval.

 Valnemnda skal ha si innstilling klar i løpet av mai.