Møtet var organisert av World Farmers' Organisasjon (WFO), der Norges Bondelag er medlem og også har plass i handelskomitéen. Bonderepresentantar frå både Malawi, Canada og Storbritannia deltok i møtet i tillegg til fleire representantar frå WTO-administrasjonen. Frå Norges Bondelag deltok 1.nestleiar Bodhild Fjelltveit og seniorrådgjevar Hildegunn Gjengedal.

Norges Bondelag framheva at norske bønder er heilt avhengige av toll og subsidiar for å kunne produsere, og at det som skjer i (Verdas Handelsorganisasjon) WTO får direkte konsekvensar for deira kvardag. WTO framforhandlar reglar for støtte og toll/kvotar mellom anna for landbruksområdet som Noreg som medlemsland må følgje. Til dømes avgjorde partane i jordbruksforhandlingane i år å gå bort frå målpris på mjølk for ikkje å overskride WTOs tak på støtte. 

Berekraft var også tema for møtet mellom WFO og WTO. WTO-administrasjonen orienterte mellom anna om kva som skjer på berekraft og landbruk i WTO. Organisasjonen prøver å integrere berekraft i forhandlingane på landbruk. Eit papir på berekraft skal opp på neste forhandlingsmøte, men dei er langt ifrå å endra reglar. Det er også usemje om tiltak frå enkeltmedlemmer/blokker. Til dømes er mange medlemsland kritiske til EUs nye karbontoll og reglar for å hindre avskoging. Gjennomgåande i det offentleg forumet i Genève argumenterer WTO for at meit open handel er positivt for berekraft.

Norges Bondelag framheva i møtet at det er viktig å ta omsyn til både økonomisk, sosial og miljømessig berekraft, og at strenge innanlandske krav kombinert med redusert toll fort kan føre til import av mindre berekraftige produkt.

WFO arrangerte paneldebatt

Årets offentlege forum hadde over 4000 deltakarar og nesten 140 arrangement, men berre ei handfull hadde landbruk som tema. Organisasjonar, bedrifter og institusjonar kan organisere sine eigne møte i tillegg til alle møta organisert av WTO sjølv.

Norges Bondelag har fleire år organisert paneldebattar saman med dei kanadiske og sveitsiske bondelaga. I år arrangerte WFO eit eige panel om involvering av bønder i arbeidet med å integrere berekraft i større grad i WTO. I panelet deltok bonderepresentantar frå både Malawi, Storbritannia, Danmark og Australia i tillegg til ein landbruksforskar frå Canada. I debatten var det mykje fokus på nasjonale krav til klima og miljø som gir auka kostnader og tek lite omsyn til at landbruket er ein biologisk produksjon. Australia fortalde om metanskatt som ser bort frå at kua også tek opp CO2. – . Vi treng ein stabil landbrukspolitikk. No er det slik at unge bønder kvier seg på å ta over fordi dei ikkje veit om dei må betale metanavgift, sa Michael Guerin frå australske AgCarE som jobbar med å inkludere bønder i berekraftsdiskusjonar. Nestleiar i det danske bondelaget Landbrug og Fødevarer, Lone Andersen fortalde om innføringa av CO2-skatt på landbruket i Danmark, som gjer at landbruket kan bli mindre konkurransedyktige. – Avtala med staten gjer at vi ikkje lenger har like konkurransevilkår med andre land. Og er forbrukaren villig til å betale for auka kostnader? spurde Lone Andersen. Ho peika også på at det er dei store bøndene som tener på den nye grøne avtala med staten. Generalsekretær Betty Chinyamunyamu frå småbrukarorganisasjonen NASFAM i Malawi fortalde om at deira bønder strevde med å oppfylle og dokumentere auka krav til klima og miljø, og at det er viktig at bonden har økonomisk berekraft. Den kanadiske forskaren Genevìeve Parent fortalde om eit prosjekt i Quebec der dei involverte bøndene blir teken med på råd om klima- og miljøpolitikk. – Nokre bønder treng internasjonale marknader, andre treng vern. Det er viktig å ta omsyn til dette mangfaldet, så alle kan produsere mat, sa Parent.

I tillegg paneldebatten deltok WFOs generalsekretær Andrea Porro i ein stor paneldebatt organisert av WTO. Der snakka han om behovet for å involvere bøndene i avgjerder om handel både nasjonalt og i WTO. Han løfta fram WFOs handelsdokument som prøver å balanse omsynet til alle bønder. I debatten sa Norges Bondelag at det er heilt nødvendig å gi toll og støtte til bønder så ein kan oppretthalde ein produksjon over heile verda.

Møte med norsk ambassadør

Under dagane i Genève hadde Norges Bondelag også møte med den norske ambassadøren Peter Ølberg som akkurat no er leiar for WTOs hovudråd. Han fortalde om forhandlingane. På landbruksområdet er det lite framgang sidan ministermøtet i februar (les meir om møtet her). Mellom sakene det er mykje debatt om er matvarelager i utviklingsland med statlege oppkjøp av varer. Norges Bondelag framheva at det er viktig å få løysingar som ikkje gir kutt i støtte og toll for norske bønder.

1.nestleiar Bodhild Fjelltveit synest det var nyttig å vere med på sitt fyrste møte på det offentlege forumet i WTO.

- Det er nyttig å treffe andre bondeorganisasjonar og høyre debattane i WTO. Det er også bra at WFO kan opne dører for oss inn til WTO slik at vi kan kome fram med vår bodskap. Men likevel er WTO framleis overtydd om at redusert toll og støtte i landbruket er løysinga. Der er vi usamde, seier Bodhild Fjelltveit.