Bondelaget held fram forhandlingane
Norsk Bonde- og Småbrukarlag har valt å bryte årets jordbruksforhandlingar.
Norsk Bonde- og Småbrukarlag varsla laurdag kveld at dei bryt årets jordbruksforhandlingar. Norges Bondelag held fram forhandlingane med staten om ein jordbruksavtale. Jordbruksforhandlingane er no eitt døgn på overtid, og det er ikkje venta ei avklaring før søndag.
- Les også: Forhandlingar på overtid
- Les også: Jordbruket har starta forhandlingar
Det har gått åtte dagar sidan bondeorganisasjonane varsla staten om at dei ville gå i forhandlingar om årets jordbruksavtale.
- Vi går inn i dette med klare forventningar om at regjeringa viser betydeleg forhandlingsvilje. Forhandlingsvilje er heilt avgjerande for å møte jordbrukets krav, og for å komme fram til ein jordbruksavtale, sa Lars Petter Bartnes då.
Helga og måndag vart brukt til prosedyregjennomgang. Årets jordbruksforhandlingar skulle bli avslutta i går, fredag 13. mai, men forhandlingane pågår framleis, eitt døgn på overtid.