Bondelagsleder Nils T. Bjørke, nyslått Bondelagskokk Bodil Fjellestad Eikrem og landbruks- og matminister Trygve Slagsvold Vedum på Grüne Woche i Berlin. Foto: Ragna Kronstad.

Bodil Fjellestad Eikrem blei lansert som ny Bondelagskokk 2013-2014 under opninga av den norske standen på Grüne Woche (IGW) i Berlin. Ho er klar i sine meiningar om bruken av lokale råvarer:

- Eg hadde ikkje vore der eg er i dag utan et tett samarbeid med lokale bønder.

- Eg gler meg veldig til å samarbeide enda meir med bøndene og landbruket. Samarbeidet med bøndene er ein viktig del av kvardagen min, og utan deira positive innstilling hadde eg aldri kome så langt som eg har i dag, seier den glade stipendvinnaren.

Ho oppfordrar andre kokkar om å gjera som ho, samarbeide med det lokale landbruket.
- Det gjev den beste maten.

Bodil Fjellestad Eikrem er den niande i rekka av Bondelagskokkar, og mottok stipendet frå Norges Bondelag på 100.000 kroner under opninga av IGW i Berlin.

Einstemmig jury

- Bodil er ein svært god ambassadør for norske bønder og norske produkt. Ho har allereie eit nært samarbeid med dei lokale bøndene, og viser til kor viktig det er å ha ein dialog og diskusjon for å få fram dei beste produkta landet vårt har å by på. Bodil blei vald av ein einstemmig jury og Norges Bondelag ser fram til å samarbeide med henne i dei komande to åra, seier leiar Nils T. Bjørke i Norges Bondelag.

Stipendpengane skal nyttast i eit nært samarbeid med bønder og lokalmatprodusentar. Det skal også vere med på å styrkje og utvikle den norske matkulturen gjennom matglede og matstoltheit.

Denne runden var det mange som søkte om å bli Norges Bondelag sin nye bondelagskokk. Juryen fekk inn 28 søknader, noko som er det dobbelte av sist søkerunde for to år sidan.- Vi vil at stipendet skal bidra til å styrkje og utvikle den norske matkulturen gjennom matglede og mathistorie, frå bonde via kokk til forbrukar, seier Bjørke.

.Vil lage kokebok

- Eg har veldig lenge hatt lyst til å lage ei eiga kokebok med mange gode tradisjonsrike oppskrifter, med ein eigen personleg vri. Eg har eitt veldig tett samarbeid med bøndene i området, og ynskjer å ha med masse bilete og historier knytt til råvarene.

Fjellestad Eikrem legg til at ho er takksam for at Gloppen hotell har lagt til rette for ho slik at ho har fått gjennomført sitt ynskje om å satse på lokal mat.

- I dag er det ikkje stovereint for norske kokkar å ikkje ville bruke norske råvarer, meiner Harald Osa i Stiftelsen Norsk Matkultur.

 

 

 

Fakta om Bondelagskokken og Bondelaget sitt kokkestipend

Mellom tidlegare stipendvinnarar er Harald Berger, Charlotte O. Mohn, Hanne Frosta, Mikael Forselius, Inge Johnsen og Kurt Sverre Øraas.

I juryen: Juryleiar Nils T. Bjørke, leiar i Norges Bondelag, Kurt Sverre Øraas, tidlegare bondelagskokk, Harald Osa, leiar i Stiftelsen norsk matkultur, Marita Brodtkorb, lokalmatansvarleg Rica og Geir Jostein Dyngeseth, marknadsdirektør i Coop-Norge.

Om bondelagskokken 2013-2014: 

Om stipendet:

  • Vert gitt til engasjerte kokkar som brenn for norske råvarer og norsk landbruk.
  • Norges Bondelag sitt kokkestipend blir gitt for ei periode på to år, og er på 100.000 kroner. Pengane skal nyttast i nært samarbeid med bønder og lokalmatprodusentar. Det skal også vere med på å styrkje og utvikle den norske matkulturen gjennom matglede og matstoltheit.
  • Stipendvinnaren vert plukka ut av ein jury der Norges Bondelag, noverende bondelagskokk, dagligvarehandelen og reiselivsnæringa er representert.
  • Mellom tidlegare stipendvinnarar er Harald Berger, Charlotte O. Mohn, Hanne Frosta, Mikael Forselius, Inge Johnsen og Kurt Sverre Øraas.

Kontaktpersoner i Bondelaget: Kari Marte Sjøvik og Ragna Kronstad.