Representantane for dei ulike delane av verdikjeda for mat såg ikkje ut til å nærme seg kvarandre under debatten i Budapest. Frå høgre Michael Wiedmann daglegvaredene Metro Group, Fiona Goocht frå Traidcraft, Marc Rosiers frå det nederlandske bondelaget, Mella Frewen frå FoodDrinkEurope, Pekka Pesonen frå COPA-COGECA og  Natalia Lazarova frå Kommisjonen.

Mislukkast dei kan det kome lovgjeving frå Kommisjonen. Matkjedeproblematikk var mellom dei viktigaste sakene då europeiske bønder og samvirke nyleg møttest til kongress i Budapest.

Matsikkerheit på ein innovativ og profitabel måte

Annankvart år arrangerer EU-bøndene/samvirka gjennom sine medlemsorganisasjonar COPA/COGECA ein større konferanse. På årets konferanse i Budapest var temaet korleis dei europeiske bøndene kan sikre matsikkerheit på ein innovativ og profitabel måte. EU er midt i ein reform av sin landbrukspolitikk (CAP), knytt opp til ny budsjettperiode. Sterkare miljøkrav og refordeling av midla var mellom og innanfor medlemsstatane er mellom dei viktigaste endringsforslaga. Dette var  tema under konferansen. Det aller viktigast blir likevel å oppretthalde budsjettnivået for landbruket i ei krisetid for EU.  

Ein streng felles landbrukspolitikk i botnen

- Det vi treng er ein sterk felles landbrukspolitikk med eit godt budsjett i botnen. Særleg sidan landbruks- og matsektoren sysselset 40 millionar menneske og utgiftene til den felles landbrukspolitikken utgjer mindre enn 1% av EUs offentlege utgifter, sa president i COPA (fellesorganisasjonen for EU-bøndene), Gerd Sonnleitner. Han er særleg skeptisk til å opprette såkalla økologiske fokusområde, som vil redusere tilgjengeleg land for å drive produksjon.

Styrke bonden og samvirka sin posisjon

Forholda i matvarekjeda var likevel ein av dei mest sentrale tema på konferansen.

- Ei av våre hovudprioriteringar er å styrke bonden og samvirka sin posisjon i verdikjeda for mat, for å sikre betre inntekt frå marknaden, sa president i COGEC (landbrukssamvirka sin fellesorganisasjon i EU). Både Kommisjonen og EU-parlamentet har engasjert seg sterkt i spørsmålet. Parlamentet har gitt uttrykk for ei klar og kritisk haldning til urimeleg forretningspraksis i verdikjeda for mat.

Håp om frivillig ordning, men..

Kommisjonen har førebels hatt håp om at partane i verdikjeda for mat skal klare å kome fram til ei frivillige ordning for god handelsskikk i verdikjeda for mat. Daglegvarekjedene, industrien og bøndene har lenge prøvd å få dette til, men i sommar vart det klart at bøndene og kjøtindustrien ikkje ville underteikne ei felles avtale. Mangel på anonymitet for klagar, ingen sanksjonsmoglegheiter og manglande overvaking, var viktige årsaker til at forsøket braut saman.  Det er ikkje aktuelt for Kommisjonen å innføre ei ordning som ikkje alle aktørane i kjeda er samde om. No har aktørane fått ein ny frist til oktober. Om dei ikkje blir samde, er EU klar til å setje i verk lovarbeidet for ei lov om god handelsskikk.

Lovregulering om ei frivillig ordning ikkje går

- No må de gjere ein skikkeleg innsats fram mot oktober for å redde denne ”babyen” dykkar, oppmoda Kommisjonens representant, Natalia Lazarova, og forsikra samtidig om at EU står klar til å setje i verk lovregulering om ei frivillig ordning ikkje går i orden. Ingenting i debatten på konferansen tyda på at ei semje ligg rett rundt hjørnet. På spørsmål om dagens forhold i matvarekjedane fungerer, svarte COPA-COGECAs generalsekretær Pekka Pesonen eit kart nei. Representanten for daglegvarekjedene, Michael Wiedmann frå METRO group hadde eit anna syn:  -  Ja, det fungerer. Fiona Gooct frå Fairtrade som jobbar mykje med bønder i sør, var av ei anna oppfatning: - Daglegvarekjedene utnyttar bøndene og skyv risikoen nedover i verdikjeda. Dei får ein altfor liten del av overskotet og har dårleg forutsigbarheit for sal av produkta sine, sa Goocht, som også peika på at den frivillige ordninga i Storbritannia ikkje fungerer. Det påpeika også den britiske bondeleiaren Peter Kendall. Storbritannia har no gått inn for ei lovregulering av forholda.

Bjørke: Det må ei lovregulering til

- Debatten her i Budapest viser at det er same problemstillingane vi er opptekne av når det gjeld styrkeforholda i matkjeda. Dette er ikkje eit særnorsk fenomen. Dessutan viser det også at det er svært vanskeleg å få til eit frivillig system for å regulere problema. Det må lovregulering til, seier leiar Nils T.Bjørke i Norges Bondelag. Han deltok på konferansen saman med nestleiar Berit Hundåla og Hildegunn Gjengedal frå Norges Bondelag, leiar Sveinung Svebestad, adm.dir Ola Hedstein og Jessica Kathle frå Norsk Landbrukssamvirke.

- Dessutan er det godt å vite at vi er utanfor EU når vi høyrer den kompliserte debatten om den felles landbrukspolitikken, smiler Bjørke.