Kornkonferansen 2026
Korleis ser framtidutsiktene ut for norsk kornproduksjon? Bli med på Kornkonferansen torsdag 22. januar 2026 og få nokre svar. Frist for påmelding er onsdag 14. januar.
Norsk kornproduksjon skal opp, noko som gir mange moglegheitar, men også nokre utfordringar. Korleis når me målet om auka sjølvforsyning? Det vil eit politikarpanel bli utfordra på. Og korleis møter bransjen dette målet? Mellom anna vil det bli sett søkelys på:
- Målet om 90 prosent norskdel i mjølet. Klarar den norske bonden å produsere riktig kvalitetet og har me nok bønder som vil satse?
- Målet om 70 prosent norskdel i fôret, kva marknadstilpasningar vil måtte til?
Meld deg på Kornkonferansen 2026 som er torsdag 22. januar på Nationalteateret Konferansesenter i Oslo. Påmelding og fullstendig program finn du her.
Kornkonferansen er eit arrangement av Norges Bondelag og Felleskjøpet Agri.