Tilgangen på norsk korn og proteinvekstar er 124.000 tonn større enn det prognosane frå august viste. Det kjem fram av dei oppdaterte prognosane for tilgangen og forbruket av korn i sesongem 2015/2016, som Norske Felleskjøp la fram i går.

Sjølv om dei samla avlingane er større enn ved forrige prognose,er matandelen noko endra. Ifølgje prognosen er matandelen på kveite stigande og ligg no på 24 prosent, mens matandelen i rug har falle dei siste vekene og ligg no på 65 prosent.

Ifølgje Norske Felleskjøp er om lag 25 prosent av kornet framleis utreska.

Når det gjeld arealbruk går kornarealet framleis ned, men ikkje så mykje som det har gjort dei siste åra.

Det er rapportar om avlingsutsikter frå regionkontora til Norsk Landbruksrådgiving og arealtal frå Landbruksdirektoratet som ligg til grunn for prognosen.