Leiar Lars Petter Bartnes i Norges Bondelag er stolt av den restriktive antibiotikabruken i norsk landbruk. Her fotografert i sitt eige fjøs med eigne kyr.

Veterinærinstituttet overrekte i dag sin årlege statusrapport om bruk av antibiotika og funn av antibiotikaresistens blant mikroorganismar frå dyr og menneske, til Mattilsynet. Rapporten viser at Noreg har den lågaste antibiotikabruken til matproduserande dyr og fisk av alle dei 26 landa i EU/EØS.

Rapporten viser også at antibiotikabruken i norsk landbruk har blitt redusert med 38 prosent sidan 1995, og at næringa står for mindre enn 10 prosent av totalforbruket av antibiotika i Noreg.

Godt dyrehald og gode haldningar

- Eg er stolt av at antibiotikabruken i norsk landbruk er så låg. Det er ei bevisst satsing og eit godt samarbeid mellom styremakter, veterinærar og bønder gjennom fleire år som gir desse gode resultata, seier leiar i Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes.
- Det er den gode dyrehelsa som ligg til grunn for desse gode resultata. Friske dyr treng ikkje antibiotika, understreker Bartnes.

Den låge antibiotikabruken bidrar også til at Noreg har avgrensa problem med antibiotikaresistens. Funna av antibiotikaresistente bakteriar i husdyrproduksjon og mat i Noreg er svært små samanlikna med korleis situasjonen er i landbruket i andre land.

Alle har eit ansvar, ikkje berre landbruket

- Det er viktig at vi held fram det gode arbeidet mot antibiotikaresistens i husdyrhalda, at vi held fram med låg antibiotikabruk, overvaking og førebyggande tiltak, seier Lars Petter Bartnes.

Veterinærinstituttet peikar i rapporten sin på at det er fare for auka færekomst av resistente bakteriar på grunn av at dette kjem inn via import frå utlandet. Rapporten viser også at bruken av antibiotika til kjæledyr er aukande.

- Landbruket har tatt eit ansvar på vegne av samfunnet for å halde antibiotikabruken nede. Folkehelsa nyt godt av dette. Dersom vi skal greie å halde antibiotikaresistente bakteriar ute, må vi alle ta eit felles ansvar for det, seier leiar i Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes.