Generaldirektør Albert Azevedo i WTO og forhandlingsleiar på landbruk, John Adank, foto: Hildegunn Gjengedal.Medlemslanda i WTO (Verdas Handelsorganisasjon) vedtok 11.30 i føremiddag, lokal tid, den såkalla Bali-pakken. I pakken ligg det tekstar om u-landsreglar for offentlege oppkjøp til matvarelager, eksportstøtte, tollkvoteadministrering, bomull og ein eigen pakke for dei fattigaste landa. Gjennom natta var det fleire kriser, også etter at USA og India var samde om ein tekst om matsikkerheit.

Matsikkerheit

Mest spenning gjennom veka var likevel knytt til spørsmålet rundt matsikkerheit. India kjempa for retten til å kjøpe opp mat til lager for utdeling til fattige. Sidan oppkjøp ikkje skjer til marknadspris blir det rekna som handelsforstyrrande støtte. India har akkurat innført eit nytt oppkjøpsprogram som ikkje fell under dagens avtale. Den nye semja inneber at landa har fire år på seg til å finne ei permanent løysing på dette spørsmålet.

Gledeleg, seier Ianssen

- Det er gledeleg at matsikkerheit kom så sterkt fram under desse forhandlingane, og at ein fann ei løysing som gjer det Første nestleiar Kirsten Ianssen,foto: Hildegunn Gjengedal.mogleg med denne typen oppkjøp, seier nestleiar Kristin Ianssen I Norges Bondelag. Ho følgde forhandlingane på Bali som del av den norske delegasjonen.

Konkrete forhandlingar i Geneve

Sjølv om innhaldet i Bali-pakken er lite konkret, har avtala skapt ny giv i dei fastlåste forhandlingane som starta i Doha i 2001. No er det venta at ein går vidare med konkrete forhandlingar om ei ny avtale i WTO-hovedstaden Geneve. I løpet av neste år skal dei bli samde om eit arbeidsprogram.

Ikkje konkrete konsekvensar for norske bønder

- Avtala ser ikkje ut til å få konkrete konsekvensar for norske bønder. Men forhandlingane om redusert støtte og toll på landbruksområdet vil no halde fram i Geneve, og det kan få store konsekvensar for norsk matproduksjon. Vi vil halde fram kampen for alle lands rett til nok politisk handlingsrom til å brødfø sitt eige folk, seier Ianssen.