Kvart år møtest matsikkerheitskomiteen ei veke i FNs mat- og landbruksorganisasjon, FAO i Roma. World Farmers`Organisation, der Norges Bondelag er medlem, får halde innlegg i fellesmøtet der delegasjonar frå alle medlemslanda stiller. Nestleiar Bjørn Gimming frå Norges Bondelag heldt WFOs innlegg under debatten om berekraftig skogbruk for matsikkerheit og ernæring.


Tre gode grunnar til å bruke skogen i klimapolitikken

Gimming framheva skogen si rolle som leverandør av miljøtenester og mat, og ikkje minst som ei inntektskjelde og basis for produksjon for bønder. På den måten er skogen også ei viktig kjelde for ernæring.

- Det er difor avgjerande at nasjonale og internasjonal politikk gjer det mogleg for bøndene å ha tilgang til skogar og optimalisere bruken av skogane på ein berekraftig måte, sa Gimming.
Han brukte som døme klimapolitikken:
- Klimapolitikken må oppmuntre aktiv skogsdrift for å oppnå den triple gevinsten skogen kan gi: Karbonlagring, erstatning av fossil energi og fornying av gammal skog. Vi treng auka investeringar i skogen, sa Gimming.


- Bruk meir effektivt enn konservering

Også den norske offisielle delegasjonen framheva behovet for aktiv skogsdrift. Dei brukte eit sitat frå Bondelaget og Skogeigarforbundet i ein fellesartikkel:
- Tillat meg å sitere to sentrale representantar for sivilsamfunnet i Noreg, som minner oss på at ”vi må aldri gløyme at skogane må brukast. Det som gir best opptak av klimagassar er ikkje passiv konservering av skogen, men aktiv bruk”, sa den norske representanten som del av sitt innlegg.
Den norske delegasjonen bad FN hugse på skogbrukarane og deira viktige rolle som bidragsytarar til matsikkerheit og ernæring når tilrådingane frå rapporten som vart diskutert skulle følgjast opp vidare.


WFO gjort ein viktig jobb

Under CFS-møtet i Roma vart også ernæring diskutert spesielt, og ei evaluering av korleis CFS fungerer. Der vart det m.a. teke opp kva rolle bondeorganisasjonar som WFO skal ha i organisasjonen. WFO har no ein observatørstatus i ein prøveperioden. Privat sektor og sivilsamfunnsorganisasjonar har kvar sine sete, men ingen sete har før vore heldt av til bønder. WFO jobbar for at setet for bøndene skal gjerast permanent.
- Det er viktig at bøndene har si eiga stemme inn i denne samlingsstaden for verdas matsikkerheit. Det er eigentleg heilt utruleg at dette ikkje har vore tilfelle før no. Her har WFO gjort ein viktig jobb, seier Bjørn Gimming.


- Landbruket kan restaurere tilbake klimautslepp

Under møtet i Roma vart det også arrangert 55 side-arrangement. WFO arrangerte to av dei; eitt om frivillige retningsliner om berekraftig bruk av jordressursar for å redusere svolt, og eitt om bondens rolle i å takle klimaendringar og matsikkerheit. Bjørn Gimming deltok i fleire side-arrangement, mellom anna eitt om berekraftig matproduksjon og klima
- Direktøren for klima- og matdivisjonen i FAO sa at for landbrukbruket inneber ofte fokus på berekraft at det blir for stor fokus på konservering og vern. Han meinte ein må legge meir vekt på landbruket og skogbruket si unike evne til å vere eit verktøy for å handtere klimautfordringane. Til dømes kan dette skje gjennom å restaurere eit forringa jord- eller skogsareal gjennom rett landbrukspraksis. Dette er eit viktig poeng for oss å ta med heim, seier Gimming.