Bad FN-landa tilrettelegge for aktiv skogsdrift

Nestleiar Bjørn Gimming bad FN-landa tilrettelegge for aktiv skogsdrift og involvering av bøndene då han heldt innlegg på vegne av verdas bønder i verdas komite for matsikkerheit i Roma.
Tre gode grunnar til å bruke skogen i klimapolitikken
- Det er difor avgjerande at nasjonale og internasjonal politikk gjer det mogleg for bøndene å ha tilgang til skogar og optimalisere bruken av skogane på ein berekraftig måte, sa Gimming.
- Klimapolitikken må oppmuntre aktiv skogsdrift for å oppnå den triple gevinsten skogen kan gi: Karbonlagring, erstatning av fossil energi og fornying av gammal skog. Vi treng auka investeringar i skogen, sa Gimming.
- Bruk meir effektivt enn konservering
- Tillat meg å sitere to sentrale representantar for sivilsamfunnet i Noreg, som minner oss på at ”vi må aldri gløyme at skogane må brukast. Det som gir best opptak av klimagassar er ikkje passiv konservering av skogen, men aktiv bruk”, sa den norske representanten som del av sitt innlegg.
Den norske delegasjonen bad FN hugse på skogbrukarane og deira viktige rolle som bidragsytarar til matsikkerheit og ernæring når tilrådingane frå rapporten som vart diskutert skulle følgjast opp vidare.
WFO gjort ein viktig jobb
- Det er viktig at bøndene har si eiga stemme inn i denne samlingsstaden for verdas matsikkerheit. Det er eigentleg heilt utruleg at dette ikkje har vore tilfelle før no. Her har WFO gjort ein viktig jobb, seier Bjørn Gimming.
- Landbruket kan restaurere tilbake klimautslepp
- Direktøren for klima- og matdivisjonen i FAO sa at for landbrukbruket inneber ofte fokus på berekraft at det blir for stor fokus på konservering og vern. Han meinte ein må legge meir vekt på landbruket og skogbruket si unike evne til å vere eit verktøy for å handtere klimautfordringane. Til dømes kan dette skje gjennom å restaurere eit forringa jord- eller skogsareal gjennom rett landbrukspraksis. Dette er eit viktig poeng for oss å ta med heim, seier Gimming.