Leiar i Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes deltok tysdag  i finanskomiteen si høyring om statsbudsjettet, og fortalde om kva konsekvensar framlegga til endringar i skatte-, avgifts- og tollinntektsreglane vil få for den samla norske matproduksjonen.

Lars Petter Bartnes på høyring i finanskomiteen.Snakka om dei små besetningane

Eit framlegg i statsbudsjettet for 2015 er å auke minstegrensa for registrering i meirverdiavgiftsregisteret frå 50.000 til 150.000 kroner. 8500 landbruksføretak vil då felle ut av mva-registeret, og 67 % av desse er korn-, saue- eller ammekuprodusentar.

- Vi ber finanskomiteen sørge for at beløpsgrensa blir halde uendra på 50.000 kroner. Dette er avgjerande for å sikre framleis rekruttering og innovasjon innafor landbruket, sa Bartnes til finanskomiteen.

Særleg mange sauebønder vil oppleve store inntektskutt dersom framlegga frå regjeringa om endringar i avgiftspolitikken får gjennomslag.

- Gjennomsnittsbesetninga i Noreg er knappe 70 vinterfora sau. Denne gruppa produsentar bidrar med ein betydeleg del av den totale produksjonen av sauekjøtt. Ved større investeringar vil manglande mva-frådrag svekke lønnsemda så mykje at drifta kan bli avvikla, advarte Bartnes

- Prioriter forsking på landbruk

Ein annan negativ konsekvens for landbruket i framlegget til statsbudsjett, er at støtta til forsking på landbruk er foreslått kutta.
- Eit avgjerande verktøy for å nå målsettinga om auka matproduksjon er satsing på forsking og kunnskapsutvikling. At regjeringa vel å nedprioritere midlar til forsking på landbruksområdet er derfor eit steg i feil retning, sa Lars Petter Bartnes under dagens høyring.

Norges Bondelag vil bidra konstruktivt

Regjeringa har varsla ein gjennomgang av skatteordningane i landbruket med sikte på enklare reglar. Norges Bondelag ønskjer å bidra konstruktivt i dette arbeidet. Lars Petter Bartnes oppmoda i dag finanskomiteen om å sjå til at denne gjennomgangen blir gjort med det formålet å skulle styrke bondens økonomi, noko regjeringa tidlegare har uttalt at dei har eit mål om.


Last ned heile høyringsbrevet til finanskomiteen.