Illustrasjonsfoto: Mats OlsenI høyringa av Stortingsmelding 13 (2012-2013) "Ta heile Noreg i bruk!" i Stortingets kommunal- og forvaltningskomitè, streka Norges Bondelag under at eit svært viktig distriktspolitisk verkemiddel vil vere å sette i verk tiltak med sikte på å nå måla i Landbruks- og matmeldinga. Det viktigaste enkeltgrepet er betring av inntektsmoglegheitene for matprodusentane, meinte Bondelaget.

Naturgjevne ressursar - nasjonal verdiskaping

I brevet til Stortingskomiteen seier Bondelaget seg god nøgd med og samd i dei oveordna målsettingane i distriksmeldinga, og at Regjeringa går inn for å oppretthalda hovudtrekka i busettingsmønsteret. - Det er positivt at Regjeringa vil nytte dei naturgjevne ressursane i heile landet for nasjonal verdiskaping, og heilt avgjerade for norsk matproduksjon som må vere basert på norske areal, skriv Bondelaget.

Avgjerande og naudsynte mål og tiltak

- For å nå målet om meir mat produsert på norske ressursar, slik det er trekt opp i Landbruks- og matmeldinga, er mange av måla og tiltaka i distriktspolitikken avgjerande og naudsynte. Det er godt samsvar mellom mange av målsettingane og tiltaka i desse to meldingane. Mange felles utfordringar og kritiske faktorar for nå samanfallande mål krev tydelege tiltak og innsats, streker Bondelaget under.

Todeling av økonomien gjer rekruttering vanskeleg

Norges Bondelag peikar på at den todelte norske økonomien, med oljedrive høge løner på den eine sida og høge kostnader og andre utfordringar for norsk vareproduksjon på den andre sida, gjer rekruttering til landbruket vanskeleg. Bondelaget viser til  fleire urovekkande indikatorar: Arealet i bruk går ned i distrikta med grunna nedlegging og gjengroiong. Viktige produksjonar som storfekjøtt og sau og lam har underdekning. Det er importerte matvarer sin fyller den aukande norske matmarknaden, heiter det.

Kontaktpersonar i Norges Bondelag: Per Skorge, Amund Johnsrud.

Bondelagets temaside areal- og naturforvaltning, Politikk og landbruk 2013.

Bondelaget sitt høyringsbrev