Det streka Bondelagsleiar Nils T. Bjørke under så han saman med generalsekretær Per Skorge møtte i Regjeringas kontaktutval leia av statsminister Jens Stoltenberg.
- For å få dette til, sa Bjørke, - er det naudsynt at regjeringa:
-
utnyttar handlingsrommet i importvernet
-
fylgjer opp matkjedeutvalets innstilling.
- For å kunne nå målet om auka norsk matproduksjon, er det naudsynt at regjeringa legg til rette for auka investeringar i landbruket. Det er ikkje lett å få ungdommen ta over eit nedslete driftsapparat. Regjeringa har gjort eit godt arbeid med å betre rammevilkåra for aksjeselskap. No er det viktig at dei omkring 200.000 enkeltpersonsføretaka blir tilgodsett, sa Bjøørke og peika på at det særleg er naudsynt at desse føretaka for høve til å setja til side kapital i selskapet for å møte framtidige investeringar. I dag er det slik at overskotet fyrst må skattast som personinntekt og deretter førast tilbake til føretaket. Me vil be regjeringa om å legge til rette for at dei 200.000 enkeltpersonføretaka får høve til å nytta investeringsfond.
Bondelagsleiar Bjørke nytta òg høvet til å peike at meldinga om mat- og landbrukspolitikken, "Velkommen til bords" er ei viktig hending for næringa og for å styrke norsk mattryggleik. Bondelagets hovudinntrykk er at meldinga har mange gode mål, men treng å styrkast mellom anna på fylgjande punkt:
-
Målet om sjølvforsyningsgrad må vere meir offensivt og knytast mot norske ressursar
-
Jordbrukets næringsarealer må gjevast eit juridisk vern.
-
Rammevilkåra for bonden som sjølvstendig næringsdrivande må være slik at det er mogleg å redusere inntektsforskjellane til andre grupper
- Regjeringa skal ha ros for å lagt til rette med rammer slik at me som bønder har hatt ei inntektsutvikling sidan 2005 som kronemessig er på linje med andre grupper. Det har Bondelaget vært tydelege på ved mangt eit høve. Men me klarer ikkje med dagens inntektsavstand til andre grupper å sikre rekrutteringa og halda produksjon oppe, streka Bjørke under. - Eit døme på dette er at me ikkje klarer å produsere nok storfekjøtt på norske grasressursar. Årsaka til dette er at andre yrker gjev betydeleg betre betalt. Resultatet er at bonden kuttar produksjon og importen tek over.
Kontaktperson i Norges Bondelag: Nils T. Bjørke.