Barometeret har gjort dei same undersøkingane sidan 2014 og spør bønder over heile landet kva dei tenker om sin økonomiske situasjon. Dette gir difor eit veldig godt bilete på utviklinga i oppfatninga av korleis det er å vere bonde i dag, men også korleis det har endra seg over tid.

Landbruksbarometeret for 2025 viser ei tydeleg endring, der 79 prosent av bøndene trivst i yrket sitt, og 32 prosent ser lyst på framtida, opp frå 26 prosent for to år sidan. Fleire svarar også at dei vil anbefale yrket til unge. – Dette er gledelege tal, ikkje minst for styresmaktene og alle som skal ete norsk mat. Det gir håp og viser at framtidstrua i næringa kan vokse, om me byggjer vidare på den, seier leiar i Bondelaget Bjørn Gimming. Men, sjølv med auka tru på framtida, så viser undersøkinga at over halvparten av dei spurde meiner at lønsemda er for dårleg og berre ein av fire planlegg større investeringar det kommande året. Og mange lar det vere på grunn av økonomi. Du finn heile rapporten på Agri Analyse sine nettsider. 

Ønskjer å investere

På lanseringa var bonde Magnhild Aanestad frå Rogaland. Ho har investert mykje i garden sin, og det er fleire med ho i regionen som har gjort det same. Tal frå investeringsmidlane til Innovasjon Norge viser at pengane no er brukt opp i regionen og det vart satt søknadsstopp alt i mars. – Me vil investere og drive landbruk i Rogaland. Rehabiliteringsbehovet er stort, det ligg kanskje bak 5-10 år etter det som er behovet, seier Aanestad. Men det er stor variasjon mellom regionar. – Investeringslysten er der, men det er investeringsevna og økonomien i det som er krevjande, oppsummerte generealsekretær i Bondelaget Sigrid Hjørnegård. Me må ha med heile laget, for det er på den måten me sikrar landbruk i heile landet.  

Landbruk i samfunnet

Landbruksbarometeret har også ei grundig gjennomgang av fakta og tal om landbruket, næringsmiddelindustrien og ikkje minst Landbruket i samfunnet. I sitt innlegg trakk Christian Anton Smedshaug frå Agri Analyse fram at sjølv om inntektsutviklinga samla for jordbruket og lønsmottakarar har nærma seg betydeleg dei siste åra, så er det både usikkert korleis tala faktisk vil ende opp for 2025, og det er også stor forskjell mellom dei ulike produksjonane. Men som andel av statsbudsjettet har støtta til landbruket ikkje endra seg mykje dei siste 20 åra, sjølv om inntekta til bøndene har gått opp.

Sjå lanseringa her