Leiar Anders Felde (t.v.) saman med nestleiar Peder Nernæs.  Lukke til med mykje viktig arbeid.

- Skal vi få gjennomslag må vi vere samla og tydelege. Vi kan flytte fjell, og i lag skal vi flytte større fjell ved å setje utviklingsmoglegheitene til vestlandsbonden på dagsorden, seier Anders Felde. 

Torsdag hadde Vestland Bondelag sitt skipingsmøte, og med det er Hordaland Bondelag og Sogn og Fjordane Bondelag historie. Peder Nernæs frå Strandebarm og Tørrvikbygd Bondelag  er vald som første nestleiar i Vestland Bondelag.

Helsingar frå Fylkesmann og statsråd 

Fylkesmann i Vestland, Lars Sponheim helsa skipingsmøtet. Sponheim la vekt på at det å slå saman dei to fylkeslaga var ei riktig og viktig avgjerd. - Både fylkesmannen, fylkeskommunen og stadig fleire andre organisasjonar har fått det nye fylket som ramme for arbeidet sitt. Det vil difor vere ein styrke for dei to fylkeslaga å stå saman som eit større og sterkare fylkeslag, sa Sponheim. 

Fylkesmannen sa vidare: - I Vestland har vi ein bruksstruktur, topografi og eit klima som skil oss frå andre delar av landet og kan gjere det krevjande å drive landbruk. Dei to fylkeslaga har ulike kvalitetar som kan gi gode synergiar. Eit samla Vestland Bondelag vil også stå sterkare i jordbruksforhandlingane, sa Sponheim. 

Landbruks- og matminister Olaug Bollestad helsa og skipingsmøtet: - Kvar og ein av dykk gjer ein viktig jobb for oss som samfunn. Det vil eg takke dykk for, sa Olaug Bollestad i si helsing. - Eg har skjønt at det er to livskraftige og aktive nokon-og-70-åringar som no går saman til Vestland Bondelag. Eg veit godt at landbruket i Vestland er mangfaldig. Eg har hatt gleda av å besøke begge fylkeslaga. Eg har sett at de har mykje frukt og bær, og ein auka produsjon av frukt, bær og grønsaker har vore ei av mine hovudprioriteringar som landbruks- og matminister, sa Bollestad. 

Les meir hjå Vestland Bondelag.