Generaldirektør i WTO Roberto Azevedo Ministermøtet i Verdas Handelsorganisasjon blir for fyrste gong arrangert i Afrika, og presset er stort for å få til ei semje. Ein har gitt opp å få til ei fullstendig avtale, men jobbar med å få til semje på enkeltområde.
- Det blir vanskeleg, men vi kan oppnå resultat på enkeltområde, sa generaldirektør Roberto Azevedo i sin opningstale.

Eksportstøtte tema

Det er særleg tre område som har stått i fokus denne hausten: Disiplinering av alle former for eksportstøtte, spesielle vilkår for dei minst utvikla landa (MUL) og openheit på område som tenester og regelverk.

Det er framleis ikkje semje om kva som skal skje med eksportstøtta i WTOs regelverk. Det ligg forslag på bordet om total avvikling, men med krav om at ein då også disiplinerer andre former for eksportstøtte, som eksportkredittar, enkelte former for matvarehjelp og statlege handelsforetak. Det er også ein diskusjon om kor lang tid medlemslanda får på seg til å avvikle eksportstøtta. Forslaga spenner frå 3 til 7 år. Noreg krev minimum 4 år, som ligg i den norske Globaliseringsmeldinga.

1. nestleiar i Norges Bondelag, Kristin Ianssen, er til stades i lag med mellom anna medlemmar frå Forsvars- og utanrikskomiteen på Stortinget.

Det er heller ikkje semje om kva som skal skje etter ministermøtet. Utviklingslanda ynskjer å halde fram med Doha-mandatet, som har stor vekt på betre vilkår for u-land, medan særleg USA, EU og Japan ynskjer å avslutte Doha-runda og forhandle vidare under eit nytt mandat. Dei er særleg kritiske til at store u-land som Kina og India har fått for gode vilkår i Doha-mandatet som vart fastlagt i 2001. Det blir jobba med ei ministererklæring, men det er stor strid om i kva grad den vidare skjebnen for Doha-runda bli nemnt eksplisitt i erklæringa.

Dei siste åra har fokus vore meir på bilaterale og regionale avtaler. Dette uroar ikkje generaldirektøren.
- Det er ingen grunn til å uroe seg. Desse avtalene komplementerer WTO. Dei har alle WTO-genet i seg. Men WTO veit ikkje heilt korleis dei skal respondere. Handelsagendaen skjer andre stader, og mange land har ingen innflytelse over den. Korleis kan WTO få ei sterkare stemme, og sitje i førarsetet i staden for passasjersetet, spurde Azevedo.

Noregs utanriksminister kjem

Utanriksminister Børge Brende kjem til Nairobi i dag, og er venta å få ei sentral rolle i forhandlingane. Han vil då leie delegasjonen som består av representantar frå ulike departement (inkludert landbruk), fire stortingsrepresentantar (Elin Agdestein frå Høgre, Ingrid Heggø frå Ap, Øyvind Korsverg frå FrP og Liv Signe Navarsete frå Sp), NHO, LO, Sjømat Norge, Forum for utvikling og miljø og landbruket (Kristin Ianssen). Statssekretær Morten Høglund har leia delegasjonen fram til no.

Forhandlingane skal etter planen avsluttast fredag.

- Vi såg i Paris at det var mogleg å bli samde sjølv om partane sto langt frå kvarandre. No må vi berre brette opp ermene og starte arbeidet, sa Azevedo.