- Alle land må ta ansvar for matberedskap

Publisert 10.02.2014
  • Tips en venn om denne siden

- Reformer og endringer ønsket av regjeringen må bidra til økt matproduksjon, sa Nils T. Bjørke i regjeringens kontaktutvalg mandag.

Foto: Eivor Eriksen

Mandag den 10. februar møtte Nils T. Bjørke regjeringens kontaktutvalg.

- Arbeidsproduktivitetsøkning på 6 % årlig over ein 10-års periode i landbruket vitner om en næring i rask endring, særlig når vi sammenligner med næringslivet ellers, der det er bekymring for svak utvikling i mange bransjer, sa Bjørke i sitt innlegg.

Han påpekte også at:

* Norske bønder utgjør hver tiende foretak i Norge og 30% av enkeltpersonsforetak.
* Skatteskjerpelse ved generasjonsskifte er et steg i feil retning.
* Global folkevekst og ustabil klima gjør at alle land må ta ansvar for matberedskap.
* Bøndenes inntekt bør følge en kronemessig utvikling på linje med ande grupper. Et fornuftig mål er prisuttak i takt med kostnadsveksten
* Reformer og endringer ønsket av regjeringen må bidra til økt matproduksjon.

Kontaktutvalgene tjener som forum for gjensidige orienteringer mellom staten og de forskjellige næringene i Norge. Her er innlegget i sin helhet:

Framtidsretta matproduksjon

Norsk landbruk er ei viktig næring med 90 000 sysselsette, der 45 000 i industrien og 45 000 bønder er gjensidig avhengig av kvarandre. Arbeidsproduktivitetsauke på 6 % årleg over ein 10-års periode i landbruket vitnar om ei næring i rask endring, særleg når me samanliknar med næringslivet elles, der det no er bekymring for svak utvikling i mange bransjar.

Landbruket er tufta på fornybare ressursar. Når dei vert forvalta rett, kan me levera langt inn i framtida. Leveransen er sjølvsagt mat, men mykje meir. Det er utvikling av lokale matspesialitetar grøn energiproduksjon, reiselivsprodukt som gjev grunnlag for merkevaren Noreg, utmarkstilbod, og omsorgstenester.

Norske bønder utgjer faktisk om lag kvar tiande føretak i Noreg. Av 160.000 enkeltpersonsføretak i utgjer aktive bønder ca 30%. Enkeltpersonføretak er den klårt enklaste føretaksforma og Norges Bondelag ber regjeringa leggje vekt på å betre vilkåra for denne gruppa. Ein underskog av små føretak er avgjerande for utviklinga av næringslivet over tid. Skatteskjerpinga frå 1. januar ved generasjonsskifte i familieføretaka var eit steg i feil retning. Norges Bondelag legg til grunn at regjeringa sine løfte om monaleg skattereduksjon for næringslivet, også gjeld denne føretaksforma.

Med sterkt global folkevekst og stadig meir ustabilt klima må alle land ta ansvar for matvareberedskap. Tilgang til nok og trygg mat er ein viktig del av nasjonal beredskap. Derfor er regjeringa si målsetting om høgast mogleg matproduksjon av beredskapsomsyn klokt og naudsynt. Stortinget har slutta seg til dette gjennom næringskomiteen si uttale der det heiter at me må ha ”auka matproduskjon med intensjon om auka sjølvforsyning”. Matsikkerheit er også svært låg bruk av antibiotika, spreidd produksjon og god kontroll med heile produksjonskjeda.

Skal matvareberedskapen vere reell, må den tuftast på norske ressursar og utnytting av areal i heile landet. Me er derfor glad for at Sylvi Listhaug uttala i Stortinget at vi må ha ”eit aktivt landbruk over heile landet… , og vi kommer til å ha støtteordningar som tar høgde for det”.

Næringa treng føreseielege rammer som gjev lønsemd. Det gjev rekruttering, satsing og framtidsretta investeringar hjå dei næringsdrivande. Landbruket må være en moderne arbeidsplass med fokus på bondens helse og velferd.

Inntektsutvikling må vere på line med andre grupper. For å kunne auke matproduksjonen på ein klimasmart og bærekraftig måte, og få folk inn i næringa må det være pengar å tene. Inntektene frå jordbruket må ha ein kronemessig utvikling på line med andre grupper, ikkje minst sett på bakgrunn av at denne delen av næringslivet har særs høg produktivitetsvekst.
Jordbruket vil helst hente mest mogleg ut i marknaden. Eit fornuftig mål er eit prisuttak i takt med kostnadsveksten. Men det trengst òg budsjettmidlar for å føre ein aktiv landbrukspolitikk og utvikle eit klimasmart landbruk. Auka budsjettmidlar gjev det lettara å gjere endringar. Eit investeringsfond slik regjeringserklæringa legg opp til, vil gjera framtidsretta investeringar lettare.

Regjeringa vil ha reformer og endringar. Reformer må bidra til å nå målet om auka matproduksjon, verkemiddel må byggje opp om måla. Grundige vurderingar og konsekvensanalyse gjev større sikkerheit for å nå måla.

Regjeringa har varsla store endringar i eigedomsregelverket. Slike endringar må sikra at areal blir brukt til matproduksjon, og ikkje aukar kostnadane og tappar næringa for kapital. Norges Bondelag ber regjeringa sjå dei ulika verkemidlane i samanheng. Dette inneber mellom anna at den føreslegne fjerninga av prisreguleringa bør leggjast inn i den varsla gjennomgangen.

Jordbruksforhandlingane startar i april og vil bli den første verkelege testen på regjeringa sin landbrukspolitikk. Ut frå at me har felles mål om auka matproduksjon, har me tru på at det skal vere mogleg å kome fram til ein jordbruksavtale.

 

Støtter felling innenfor ulvesona

Rovviltnemndene i Hedmark, Oslo, Akershus og Østfold går inn for å ta ut tre revirer innenfor ulvesona under vinterens lisensjakt. – Nemndene tar ansvar og følger opp Stortingets politikk, sier Einar Frogner, rovviltansvarlig i styret i Norges Bondelag.

Kornet tørker bort på Romerike.

For seint for kornet

Årets kornavling kan bli om lag halvparten av det normale, mens mye av graset fortsatt kan berges.

Frokostseminar om Klimasmart Landbruk, 18. juni

Status og fremdrift for Klimasmart Landbruk

Klimasmart Landbruk er næringas viktigste fellessatsing for å redusere klimaavtrykket på norske gårdsbruk. Se opptak fra frokostseminar for å lære mer om prosjektet og videre arbeid fremover.

Nedbygging av matjord

Mindre matjord omdisponert i 2017

Ferske tall fra SSB viser at 4025 dekar dyrka mark matjord ble omdisponert til andre formål enn landbruk i 2017. Dette er en nedgang på nesten 2000 dekar fra i 2016.

Forholdstallet for kvote på kumelk økes fra 0,98 til 0,99

Etter ekstraordinære kvotedrøftinger for kumelk for 2018 mellom Norges Bondelag, Norsk Bonde- og Småbrukarlag og Landbruks-og matdepartementet, ble man enige om å øke forholdstallet for disponibel kvote fra 0,98 til 0,99. Tørke og usikkerhet om fôrsituasjonen spilte inn på beslutningen.

Styret i årsmøtesalen

Nullvisjon for dårleg dyrevelferd

Norges Bondelag godtar ikkje dårleg dyrevelferd og vil ha nullvisjon for dyrevelferdssaker. Det inneber at regelverket på dyrevelferd skal følgjast på alle norske husdyrbruk.

Årsmøte 2018

Se opptak fra Bondetinget 2018

Norges Bondelag sitt årsmøte gikk av stabelen 6. og 7. juni på Lillehammer. Her kan du se opptak fra innledninger og debattene.

Lars Petter Bartnes

Bartnes gjenvalgt som leder i Norges Bondelag

Norges Bondelag samlet til årsmøte på Lillehammer 6. og 7. juni har i dag gjenvalgt Lars Petter Bartnes (49) som leder. Bjørn Gimming er gjenvalgt som 1. nestleder og Frøydis Haugen er gjenvalgt som 2. nestleder for organisasjonen.

Dette skjer i Norges Bondelag

Tirsdag
14
August

Gården som læringsarena i skolen

Auditoriet, Arendal Bibliotek
Tirsdag
14
August

Den store landbruksduellen!

Lille andevinge, Arendal
Onsdag
15
August

Bondepub!

Barrique øl- og vinstue, Arendal

Våre samarbeidspartnere