- Vårt klare mål er eit nytt halveringsmål for omdisponering av matjord, det vil seie 3000 dekar per år. Det målet må vi nå før 2020, sa Geir Pollestad frå Senterpartiet.
- Eg er veldig provosert over at regjeringa kjem med ein strategi for at vi skal omdisponere meir matjord enn vi har gjort før. Eg meiner at å hindre nedbygging av matjord må vere punkt 1,2, 3 på lista. Avbøtande tiltak må komme mykje lenger ned, sa Pollestad.

Matjord viktig føresetnad for landbruk

Han var den mest ambisiøse på vegne av matjorda, då han møtte Ingunn Foss frå Høgre, Pål Farstad frå Venstre, Line Henriette Hjemdal frå KrF og Odd Omland frå Arbeidarpartiet og Geir Pollestad frå Senterpartiet, alle medlemmar av Næringskomiteen på Stortinget til politikarsamtale om jordvern under eit seminar arrangert av Norges Bondelag og Norske Felleskjøp.

Innleiingsvis vart dei fem politikarane spurde om kva som er dei tre viktigaste føresetnadane for auka norsk matproduksjon og landbruk over heile landet. Og alle fem trekte fram matjord som ein av dei viktigaste ressursane. I ordskiftet var dei likevel ikkje heile einige om ambisjonsnivået for vern av jord.

- Bakstreversk

- Vi må vere mykje strammare enn dei 6000 dekara som er i dag, sa Pål Farstad frå Venstre, og sikta til at regjeringa før sommaren la fram ein jordvernstrategi med ein ambisjon om å omdisponere 6000 dekar matjord årleg. Denne strategien fekk ikkje spesielt gode skussmål frå Line Henriette Hjemdal frå KrF.

- Eg synst jordvernplanen til regjeringa er bakstreversk, sa Hjemdal.
- Eg er også svært bekymra for forenklingane dei har foreslått i Plan- og bygningsloven, som gjer det endå enklare å omdisponere matjord.

Vanskeleg med lokalt jordvern

Odd Omland frå Arbeidarparitet var klar på at jordvern må vere ei nasjonal sak.

- Vi må ha nasjonale føringar. Eg har sete som ordførar i 10 år og veit at det er vanskeleg med jordvern på lokalt nivå, sa Omland.
- Eg håpar på eit breitt forlik mot jordvernstategien regjeringa har lagt fram.

Ingunn Foss frå Høgre var regjeringspartia sin representant i Arendal i dag.

- Vi må gjere alt vi kan for å unngå å ta matjord, understreka ho, men ville ikkje endre på det konkrete målet for omdisponering.

Usemje også om konsesjonsloven

Konsesjonsloven som er foreslått fjerna av regjeringa var også tema i dagens ordskifte.
- Tanken med å løyse opp konsesjonsloven er å få meir omsetting på gardsbruka i dette landet. Det blir ikkje snakka om dei gardsbruka som ligg brakk eller at priskontrollen hemmar investering på gardsbruk, sa Ingunn Foss, då ho fekk ordet for å forsvare forslaget frå regjeringa.
Foss trekte også fram dei som skal selje garden sin og som ikkje har råd til å kjøpe eit husvære i byen for salssummen, som eit argument for å oppheve konsesjonsloven.

Ho fekk lite støtte frå dei andre politikarane i panelet, som alle meinte at regjeringa var meir opptatt av dei som skal ut av næringa enn dei som skal inn.

Motstand mot oppheving av konsesjonsloven

- Vi må ha ein konsesjonslov. Vi kan justere noko, men justeringane kan ikkje vere så store at dei står i vegen for grunnlaget for lova, nemleg å sikre landbruksdrift, sa Geir Pollestad frå Senterpartiet.
- Det overordna målet er at vi skal auke matproduksjonen på norske ressursar. Då må vi ha ein eigedomsstruktur som støttar det. Verre er det ikkje, sa Line Henriette Hjemdal frå KrF.
Pål Farstad frå Venstre opna for justeringar i konsesjonsloven.
- Men det er heilt uaktuelt for oss å oppheve konsesjonsloven, sa Farstad.

- Det er underleg at regjeringa seier at dei vil ha jordbruk over heile landet og auka matproduksjon, samtidig som dei vil oppheve konsesjonsloven, sa Odd Omland, og understreka nok ein gong at Arbeidarpartiet vil behalde konsesjonsloven.