WTOs generaldirektør Roberto Azevedo ber medlemslanda setje opp farten for å bli samde om ein arbeidsplan for Doha-runda innan desember. Her saman med landbruksansvarleg John Adank etter at Bali-pakken var eit faktum.

Etter mange år med stillstand, vart medlemmene i Verdas Handelsorganisasjon (WTO) samde om ein minipakke på Bali i desember i fjor. Pakken innebar mellom anna at ein i løpet av 2014 skulle bli samde om ein arbeidsplan for å sluttføre Doha-runda. Forhandlingsrunda starta i 2001.

- No har WTO åtte månader til å bevise at den har ei framtid, sa generaldirektør i WTO, Roberto Azevedo, til The Guardian etter møtet i Trade Negotiating Committee (TNC) denne veka.

70% reduksjon i tollsatsar

Medlemslanda er ikkje samde om dei skal ta utgangspunkt i landbruksforslaget frå 2008 eller starte på nytt med blanke ark. Forslaget frå 2008 innebar for Noreg m.a. 70% reduksjon i tollsatsar (med unntak for 6% sensitive produkt) og kutt på rundt 50% for såkalla handelsforstyrrande støtte.

Fleire utviklingsland, m.a. Brasil, India og Kina, ynskjer at ein skal starte med 2008-teksten, medan Noreg med fleire meiner for mykje er endra sidan 2008 til at ein kan bruke teksten som eit utgangspunkt.

Støtter ny tekst

- Desse tekstane kan berre vere eit parameter, ikkje ein basis for å lage eit arbeidsprogram, konkluderte Azevedo etter møtet.

Han sa også at ambisjonsnivået måtte vere like høgt som for 2008-tekstane, men at ein samtidig måtte respektere fleksibiliteten som var baka inn i 2008-teksten.

Forhandlingane held no fram i Geneve utover året.