10 viktige grep i jordbrukets krav

Av Inger Johanne Sæterbakk,
  • Tips en venn om denne siden

Forhandlingsutvalet til Norges Bondelag
Forhandlingsutvalet til Norges Bondelag, før jordbrukets felles krav vart lagt fram torsdag føremiddag. Frå venstre leiar Lars Petter Bartnes, 2. nestleiar Frøydis Haugen, 1. nestleiar Bjørn Gimming og generalsekretær Per Skorge.

Jordbrukets krav til jordbruksoppgjeret 2018 vil redusere inntektsgapet, jamne ut inntektsforskjellane mellom produksjonane og styrke velferdsordningane. Les meir om detaljane i kravet her.

1. Ramme på 1830 millionar kroner

Ramma på kravet er på 1830 millionar kroner. Meir enn to tredjedelar av dette beløpet går til å dekke kostnadsveksten. Ramma er finansiert gjennom

  • 198 millionar kroner i prisauke i marknaden
  • 1462 millionar kroner i budsjettoverføringar
  • 170 millionar kroner i jordbruksfrådrag og ledige middel

Grunnen til det relativt låge uttaket i marknaden er marknadssituasjonen i fleire produksjonar. Situasjonen i marknaden betyr også at delar av kostnadsveksten for jordbruket i år må dekkast av budsjettstøtte.

Ku på beite på Kjerringøy

2. Styrking av bruk av areal og beite

Jordbrukets forhandlingsutval foreslår å styrke det generelle beitetilskotet og utmarksbeitetilskotet for storfe, auke kulturlandskapstilskotet, heve innmarksbeitefaktoren, auke investeringsstøtta til organisert beitebruk og innføre eit nasjonalt setertilskot per aktive seter.

3. Satsing på Sør- og Vestlandet og Nord-Noreg

I jordbrukets krav blir det satsa ekstra på landbruket på Sør- og Vestlandet og i Nord-Noreg. I desse områda er jordbruksarealet redusert mest, her er det svakast økonomi i mjølkeproduksjonen og svakast utvikling i storfekjøttproduksjonen. Jordbrukets forhandlingsutval vil derfor styrke husdyrtilskota for mjølk og ammeku i desse områda.

4. Etablere eit driftsvansketilskot

Forhandlingsutvalet meiner at eit godt og målretta tiltak for å oppretthalde jordbruksareal i heile landet, er å etablere eit driftsvansketilskot knytt til teigstørrelse. Derfor krev jordbruket at det blir gjort eit prinsippvedtak i årets jordbruksgoppgjer om å etablere eit driftsvansketilskot med utbetaling frå 2021.

Kulturlandskap i Gudbrandsdalen

5. Nytt tilskot for mellomstore mjølkebruk

For å målrette tilskot i sterkare grad mot små og mellomstore mjølkebruk, har jordbrukets forhandlingsutval utvikla eit nytt og enkelt tilskot til mjølkebruk med mellom 15 og 30 kyr. Dei små og mellomstore mjølkebruka er viktige for produksjonen, sysselsettinga, busettinga, kulturlandskapet og verdiskapinga i heile landet.

Nesten halvparten av mjølkebruka har mellom 15 og 30 kyr, og det er sett av 285 millionar kroner til tilskotet i kravet.

6. To konkrete verktøy for betre markedsregulering

Næringa har sjølv ansvar for å regulere marknaden, men det må vere ein samanheng mellom ansvar for overproduksjon og moglegheiten for å regulere marknaden. Derfor krev vi to verktøy for å betre marknadsreguleringa:

  1. Produsentar og landbrukets organisasjonar må sikrast retten til å samhandle for å suppelere marknadsregulator i jobben med å få balanse i marknaden, som til dømes gjennom oppmoding om å redusere talet på lam. Dette må bli presisert i jordbruksavtalen.
  2. Jordbrukets forhandlingsutval krev at avtalepartane presiserer at det er høve til å gjennomføre produksjonsregulerande tiltak for slaktegris der purke er utmålingsgrunnlag for kompensasjon.

7. Stimulere til meir produksjon på korn, frukt og grønt

Jordbrukets krav vil stimulere til å hente ut marknadspotensialet på korn, grønt, frukt, bær, potet,  økologiske produkt og delvis på storfe. Det er derfor foreslått å auke målprisen på alle desse produkta, auke arealtilskota på korn, frukt, grønnsaker og bær og auke distriktstilskotet til frukt, bær og veksthusgrønnsaker. Jordbruket foreslår eit produksjonsmål på 25 prosent vekst på økologisk areal innan fem år, og tilsvarande vekst i forbruket av norskprodusert økologisk vare.

8. Auke potten for investeringsverkemiddel

Vi foreslår å auke investeringsverkemiddela med 70 millionar kroner, og at dei blir brukt på investeringar som er tilpassa ressursgrunnlaget. Ordningane må særleg leggje til rette for å fornye driftsapparatet på små og mellomstore bruk. Jordbrukets forhandlingsutval foreslår også å etablere ei finansieringsordning som kompenserer for manglande pantegrunnlag for å sikre investeringar i produksjonar over heile landet.

Jordbrukets forhandlingsutval ber om at det i 2018 ikkje blir gitt investeringsverkemiddel til sauebruk som utvidar produksjonskapasiteten.

9. Styrka velferdsordningar

Jordbrukets forhandlingsutval prioriterer velferdsordningar i årets jordbruksoppgjer. Dagsatsen for avløysing ved sjukdom og fødsel blir auka, og tilskotet til sjukdomsavløysing skal ikkje samordnast med andre ytingar.

Satsane for avløysing ved ferie og fritid blir auka med om lag 7 prosent. Tilskotet til landbruksvikar blir også auke, det same blir ytinga til tidlegpensjon.

10. Bruke meir pengar på klimatiltak

Jordbrukets forhandlingsutval vil styrke klimatiltaka i landbruket, og foreslår 40 millionar meir til regionalt miljøprogram RMP for å bidra til redusert avrenning til vatn og vassdrag, reduserte utslepp til luft og for å sikre drift på bratte areal. Det er også foreslått å etablere eit klimafond med skattefordel etter modell av skogfon, å gjem eir til skog og auke potten til spesielle miljøtiltak i landbruket (SMIL) med 20 millionar.

Staten vant ulverettsaken

WWF fikk ikke medhold i at lisensjakta på ulv i vinter var ulovlig. – Vi er først og fremst lettet på vegne av folk som lever i områder med ulv og beitenæringen, sier Einar Frogner, rovviltansvarlig i Norges Bondelag. Bondelaget var partshjelp for Staten.

ulv, rovdyr

Advarer mot nedleggelse av rovviltnemnder

Et regjeringsoppnevnt ekspertutvalg anbefaler at dagens rovviltnemnder legges ned og at fylkeskommunen får makta over investeringstilskudd i landbruket. Bondelaget advarer mot forslagene.

Dette skjer i Norges Bondelag

Torsdag
31
Mai

Hvordan og hvorfor innføre biodiesel i norsk landbruk?

Park Inn Hotell, Gardermoen
Mandag
04
Juni

AU-møte

Scandic Lillehammer Hotel
Tirsdag
05
Juni

Styremøte og Representantskapsmøte

Scandic Lillehammer Hotel

Våre samarbeidspartnere