10 ting du bør vite om MRSA

Av Inger Johanne Sæterbakk,
  • Tips en venn om denne siden

Kva er MRSA og kvifor er det så viktig å halde det ute frå landbruket?

  1. Noreg er det første landet i verda som har sett seg mål om å halde den antibiotikaresistente bakterien MRSA borte frå svinebesetningar. Mattilsynet og Veterinærinstituttet har årlege kartleggingsprogram som undersøker førekomsten av bakterien. 
     
  2. MRSA vart oppdaga i Noreg første gong i 2011, på eit slakteri. Første gong bakterien vart påvist i ei norsk svinebesetning var i 2012. Etter at det vart avdekka fleire tilfelle av smitte i 2013 og 2014, vart det i 2014 gjennomført eit stort overvakingsprogram der alle purkebesetningar med ti eller fleire dyr vart testa. Av nesten 1000 besetningar vart det berre funne eitt tilfelle av smitte.
     
  3. Høgt forbruk av antibiotika fører til auka motstand mot antibiotika hos bakteriane. Høgt antibiotikaforbruk kan også bidra til at MRSA lettare blir etablert og spreidd i ei besetning. Det blir brukt svært lite antibiotika i norsk husdyrhald.
     
  4. Norske matprodusentar brukar svært lite antibiotika i husdyrhaldet samanlikna med resten av Europa. Rapportar frå EU viser at Noreg og Island brukar desidert minst. Vårt naboland Danmark brukar meir enn ti gong så mykje, og Italia hundre gong så mykje antibiotika per kilo husdyr som Noreg.
     
  5. Antibiotikabruken i norsk husdyrhald har gådd ned med 40 prosent sidan midten av 90-talet. Dette kjem av eit målretta samarbeid mellom styremaktene, veterinærar og bønder for å få ned forbruket av antibiotika. Mens andre land brukar antibiotika førebyggjande, brukar vi det berre ved behandling når dyra er sjuke, og berre etter å ha fått det føreskrive frå veterinær.
     
  6. MRSA hos gris er svært vanleg i mange land. I ei kartlegging av MRSA hos gris i alle EU-landa samt Sveits og Noreg i 2008, vart det påvist MRSA hos gris i 17 av 24 land. Den gjennomsnittlege andelen positive besetningar i heile EU var 26,9 prosent. I Spania, Tyskland og Belgia var andelen mellom 35 og 50 prosent. I Danmark er det funne MRSA-smitte i to av tre besetningar, etter at fleire hundre svinebesetningar vart testa for MRSA i 2014.
     
  7. MRSA førekjem oftare i store enn i små besetningar. Det viser ei undersøking EFSA, den europeiske vitskapskomiteen for mattryggleik gjennomførte i 2010, der 5000 svinebesetningar i 24 land vart undersøkt.
     
  8. MRSA, eller LA-MRSA som er det fulle namnet,  er ein variant av antibiotikaresistente gule stafylokokkbakteriar som etablerer seg lett hos dyr. At bakteriane er antibiotikaresistente betyr at dei har utvikla motstand mot fleire typar antibiotika som blir brukt mot å behandle menneske og dyr.
     
  9. MRSA var opphaveleg ein sjukehusbakterie, men sidan slutten av 1990-åra har han i aukande grad blitt påvist hos personar utanfor sjukehusmiljøet. Smitten vi finn hos folk og dyr i Noreg kjem truleg frå menneske som tar med seg smitte frå utlandet. Bakterien gir sjeldan sjukdom hos friske menneske og dyr, men han kan føre til alvorlege infeksjonar som det er vanskeleg å behandle hos sjuke folk.
     
  10. Alle MRSA-bakteriar kan smitte mellom menneske og dyr. Bakterien blir spreidd mellom besetningar ved flytting av dyr, men kan også bli spreidd frå menneske til dyr og frå forureina gjenstandar som til dømes dyrebilar. Det er liten fare for at MRSA skal smitte til menneske via kjøtt og kjøttprodukt frå grisar som er smitta med MRSA.

(Kjelder: Veterinærinstiuttet, Mattilsynet, EFSA)

Staten vant ulverettsaken

WWF fikk ikke medhold i at lisensjakta på ulv i vinter var ulovlig. – Vi er først og fremst lettet på vegne av folk som lever i områder med ulv og beitenæringen, sier Einar Frogner, rovviltansvarlig i Norges Bondelag. Bondelaget var partshjelp for Staten.

ulv, rovdyr

Advarer mot nedleggelse av rovviltnemnder

Et regjeringsoppnevnt ekspertutvalg anbefaler at dagens rovviltnemnder legges ned og at fylkeskommunen får makta over investeringstilskudd i landbruket. Bondelaget advarer mot forslagene.

Dette skjer i Norges Bondelag

Torsdag
31
Mai

Hvordan og hvorfor innføre biodiesel i norsk landbruk?

Park Inn Hotell, Gardermoen
Mandag
04
Juni

AU-møte

Scandic Lillehammer Hotel
Tirsdag
05
Juni

Styremøte og Representantskapsmøte

Scandic Lillehammer Hotel

Våre samarbeidspartnere