1. Ramme på 1450 millionar kroner

Årets krav til jordbruksavtale har ei ramme på 1450 millionar kroner. Budsjettoverføringar utgjer 1150 millionar kroner, mens auka målpriser utgjer 150 millionar kroner av ramma. Det gir ein inntektsauke på 31.700 kroner per årsverk.

Årets krav vil koste norske forbrukarar 26 kroner meir i årlege matutgifter.

2. Små og mellomstore bruk blir prioritert

Jorda er grunnlaget for matproduksjon og det skal lønne seg å bruke alle norske jordbruksareal til matproduksjon. Det målet når vi først når vi løftar inntektsmoglegheitene for dei små og mellomstore bruka. Grunnlagstala for årets jordbruksoppgjer viser blant anna at dei minste mjølkebruka har over 100.000 kr lågare inntekt per årsverk enn dei største.

Endringar i vederlag til arbeid og eigenkapital per årsverk frå 2014 til 2015 for ulike besetningsstørrelsar, mjølkebruk. Tal frå driftsgranskingane.

Vi prioriterer dei små og mellomstore bruka blant anna ved å:

  • Auke satsane for driftstilskotet på mjølk
  • Auke satsane for husdyrtilskot for dei første einingane for mjølk, ammeku, geit og sau
  • Innføre tak på husdyrtilskot og arealtilskot
  • Innføre eit strukturdifferensiert arealtilskot på korn, med høgare sats for dei 400 første dekara.

3. Vi vil redusere inntektsgapet til andre yrkesgrupper

Stortinget vedtok i natt ei ny jordbruksmelding, der det nye inntektsmålet er å redusere inntektsgapet mellom jordbruket og andre grupper i samfunnet. Kravet er ambisiøst og vil bidra til å redusere avstanden. Inntektsutviklinga må skje i kroner, ikkje i prosent, sidan ein prosentvekst vil ha liten effekt når jordbruket har eit lågt utgangspunkt.

Inntektsvekst for ulike produksjonar, samanlikna med andre grupper

4. Vi gir Vestlandet eit løft

I år satsar vi spesielt på Vestlandet. Mykje areal har gått ut av drift her dei siste åra, inntektsutviklinga heng etter og det er mindre jordstykke her enn i andre delar av landet. På Vestlandet er 73 prosent av gardsbruka mindre enn 200 dekar, men det tilsvarande talet for resten av landet er 57 produsent. Reduksjonen i jordbruksareal er på nesten 9 prosent, og produksjonen av storfekjøtt har gått ned med heile 17,6 prosent. Det er matjorda som dannar grunnlaget for matproduksjonen, og om vi skal greie å auke matproduksjonen må alle jorda brukast. Derfor styrkar vi mjølke- og storfekjøttprodusentane på Vestlandet spesielt i årets jordbruksoppgjer.

5. Det skal lønne seg å bruke jorda til fôr og beite

Vi styrkar utmarksbeite med 57 millionar kroner, og plussar på 57 kroner per dyr på kyr og storfe og 7 kroner per dyr på småfe. Arealtilskotet for grovfôr blir styrka med 106 millionar kroner, mest på Vestlandet, Nord-Noreg og i fjell- og dalbygdene i Sør-Noreg. Vi foreslår også å innføre eit driftsvansketilskot frå 2019, og auke tilskotet til organisert beitebruk med 5 millionar kroner.

6. Vi styrkar kornøkonomien, særleg på dei små kornbruka

AFor å ta alle kornareala i bruk og auke sjølvforsyninga, blir arealtilskotet til korn styrka med 69 millionar kroner. Det blir også differensiert etter størrelse, med størst tilskot til dei 400 første dekara.

7. Auka norsk storfeproduksjon

Det er rom i den norske marknaden for å produsere meir storfekjøtt, og landbruket ønskjer derfor å løfte storfeproduksjonen i årets jordbruksoppgjer. Storfe nyttar norske fôr- og beiteressursar på ein god måte, og er viktig for disktriktslandbruket. I kravet blir driftstilksotet til storfe auka med 26,3 millionar kroner. Det blir auka med 20.000 kroner for 40 eller fleire kyr og med 500 kroner per dyr inntil 39 dyr. Husdyrtilskotet blir auka med 750 kroner for dei første 50 kyra på Vestlandet, i Nord-Noreg og i fjell- og dalbygder i Sør-Noreg.

8. Dette foreslår vi på pris

Målpris er vareprisen som jordbruket reelt sett skal kunne oppnå. Då blir marknadsforhold, importvernet og dei tilgjengelege marknadsreguleringsmoglegheitene blir lagt til grunn for fastsetjing av målpris. Det relativt låge prisuttaket skuldast  marknadssituasjonen i fleire produksjonar.

Målprisane blir endra i samråd med marknadsregulator, og vi har lagt inn følgjande endringar i målpriser i kravet vårt:

  • Mjølk: 3 øre per liter
  • Svin 0 øre per kg
  • Potet 15 øre per kg
  • Frukt og grønt 2,1 prosent
  • Alt korn 9 øre per kg

9. Løft for dei små og mellomstore mjølkebruka

Mjølkeproduksjon er ein berebjelke i distriktslandbruket, og vi aukar distriktstilskotet til mjølkebruk med 239 millionar kroner. Dei siste åra har det blitt eit stort inntektsgap mellom dei små og dei store mjølkebruka, og vi brukar budsjettmidlar til å utjamne desse forskjellane. Vi foreslår å auke husdyrtilskotet med 35 millionar kroner og styrke det for dei første 25 kyra.

Jordbruksmeldinga som vart vedtatt i går, seier at talet på mjølkekvoteregionar skal bli redusert frå 18 til 14. Stortingsfleirtalet seier: «Ny kvoteregionstruktur bør ta utgangspunkt i sammenlignbare produksjonsforhold for melkeproduksjon. På dette grunnlaget ber flertallet regjeringen utarbeide et forslag for en justert inndeling i 14 kvoteregioner. Partene i jordbruksoppgjøret bes om å fastsette detaljerte regionsgrenser i forbindelse med jordbruksforhandlingene 2017.»

Jordbruket kjem ikkje  med forslag til nye regionar i vårt krav, men avventer forslag frå staten.

10. Det skal lønne seg å gjere klimasmarte val

For å redusere klimaavtrykket per produserte einig i Noreg, må vi bygge vidare på verkemidla som vidarefører klimasmart matproduksjon. I kravet foreslår vi å doble satsane for drenering, stimulere til å bygge 12 månaders-lager til husdyrgjødsel, og vi vidarefører arbeidet med klimarådgiving på gardsnivå.