Trykk på biletet for å lese rapporten i PDFRapporten har vorte utarbeidd av Landbruk Nordvest og Møre og Romsdal Bondelag som del 1 i eit tredelt prosjekt kalla "Bedre og økt beitebruk i Møre og Romsdal". Prosjektet er no ferdig, kor blant anna denne rapporten gjerast tilgjengeleg for alle som søker inspirasjon for løysingar knytt til mosjonskravet.

Mosjonskravet på storfe kom i 2014 med krav til at storfe (unntatt oksar over 6 måneder) skulle luftast minimum 8 veker i året for lausdriftsfjøs og 16 veker for båsfjøs (til nød 12 veker). Er fjøsen bygd før 1.1.2014 kan ein nytte luftegard om ein ikkje har egna grasareal i nærleiken. Men er fjøsen bygd eller påbygd etter denne datoen skal dyra ha tilgang til å kjenne gras under klauvane. Dyra skal få lufta seg, så det er ikkje krav at dei skal hente hovudandelen av dagsrasjonen sin på arealet, men må ha mulighet til å gå på beiteareal.

Mjølkebruka rundt i fylket vårt er forskjellige og løysingane til kravet er derfor også forskjellige. Ein har dermed ikkje noko fasit for ei løysing som vil fungere hos alle, då ein har ulike utfordringar knytt til f.eks. budskapsstørrelse, jordsmonn, vegkryssingar, arbeidskapasitet etc. Formålet med rapporten er å vise korleis 10 mjølkebruk i vårt fylke har funne si løysing og kva erfaringar dei har gjort seg til no.