Dei hadde pynta seg i sin aller finaste stas, dei vel 300 gjestane som forrige helg var samla til årets sosiale høgdepunkt, Sørlandssamlinga.
Åstaden var den same som han he vore dei siste åra, «det gule hotellet» tett attmed Sørlandets Tråvpark. På hi sida av vegen for Dyreparken.
Sørlandssamlinga byrja eigentleg som ein liten privat «grisefest» på Revsnes Hotell på Byglandsfjord for 39 år sidan. Neste år er det såleis planlagt å skipe til ein hei-dundrande jubileumsfest.

Per Skorge (foto: øystein moi )Arrangørane hadde i år, som så mange år tidlegare, sydd i hop eit spanande og lærerikt  program.
Sjølvaste generalsekretæren i Norges Bondelag, Per Skorge , tala varmt og engasjert om både marknadsregulering -  og om dei gjeldande marknadsordningene som i vesentleg  grad styrer landbruksnæringa i dag.
Etter at styreleiaren i Nortura, Trine Vaag, hadde halde sitt foredrag var det heller ingen i salen som var det aller minste i tvil om at kjøttsamvirket vil ha ei sentral plassering i kvardagen til norske bønder. I overskueleg framtid.
Ute i forstova vart gjestane teke vel i mot av to staute karar, Harald Støyl  og Knut Helmer Feltstykket, før dei alle fekk tildelt kvar si seng i andre – og tredje høgda på hotellet.
Ordstyrar og dirigent, Jon Leif Eikaas, svirra rundt som ein torpedo, både seint og tidleg. Høgt og lågt.
Ein fagmann, ein heidersmann – og ein humørspreiar som truleg er på fornamn med kvar og ein av dei 300 gjestane. Både kvinnfolk og mannfolk. Dei heilt unge – og sjølvsagt  dei med noke lengre fartstid og med  mykje livsrøynsle i handbagasjen.

Medan gjestane tok til seg dugeleg av både franske poteter og seigt sauekjøt – så spelte husorkesteret opp med fengjande rytmer inne på dansegolvet. I naboromet.
Etter fire timar kring matbordet heiv dei seg ut i dansen – både Gunnar Bjørndal, Halvard Bjerland, Marit Gunn Tveit,  og ein heilt ukjend representant for birøktarlaget - eller kan hende det var Honningsentralen.
Takk til arrangørane for eit framifrå arrangement. «Sørlandssamlinga» er no eit merkenamn som er kjend øve heile landet vårt.
Me gler oss allereie til jubileumsfesten i januar 2019. Då blir det garantert eit himla liv.
 


Trine Vaag - styreleiar i Nortura. ( foto: øystein moi )

 


Siri Bjelllerås hadde teke med seg kjærasten Knut Erik på Sørlandssamlinga. 
(foto: øystein moi )

 


Sjølvaste landbruksdirektøren. Tore Haugum, frå Grimstad. Ein omtykt mann - og ein dugande direktør.
Med båe føtene på jorda.
(foto: øystein moi)

 


Dei fann hjelp og trøyst hjå kvarandre - dei to sjefane. Bondelaget og Innovasjon Norge.
Når moderne EDB-maskinar fantar seg vert det brått etterspurnad etter  fagfolk.
(foto: øystein moi )

 


Storbonden frå Søgne, Per Try, vert sjeldan sitjande i einsemd kor godtfolk samlast.
Ein umåteleg triveleg og omgjengeleg gut.
(foto: øystein moi )

 


Tankefull. Konsentrert. Hjarteleg tilstades. (Foto: øystein moi)

 


Marit Gunn Tveit, og hennar rektor-ektemann, Kåre Blålid, var hjarteleg tilstades.
Kåre er fylkesleiar i Aust-Agder Sau & Geit - medan kåna he fast sete i fylkesstyret
tilhøyrande Aust-Agder Bondelag.
(foto: øystein moi )

 


Svært få, om nokon, er meir engasjert i norsk rovdyrpolitikk enn denna karen.
Erling Brekkemoen frå Brekka.
(foto: øystein moi )

 


Ja - dei sat som sild i ei tønne. Dei sat godt - og dei sat lenge.
(foto: øystein moi )

 


Stundom vert ventetida så altfor lang.. Han undrast på kor tid den nye
lusekofta vert ferdig. Han vil dresse seg opp i god tid før kveldsmaten. 
(foto: øystein moi )

 


To ihuga kjøtprodusentar frå Aust-Agder. Knut Erik Ulltveit (t.v.) og Sven Reiersen.
(foto: øystein moi )

 


Takk for framifrå innsats på Sørlandssamlinga. År etter år.
Knut Helmer Feltstykke (t.v.) og Harald Støyl.   (foto: øystein moi )