Fleire matprodusentar frå Setesdal set kursen mot Berlin i januar neste år. Her mønstrar dei på hjå Grüne Woche, ei av verdas største messer for mat, landbruk og reiseliv.
Her møter dei 1500 andre utstillarar frå 60 ulike land - og det er venta at meir enn 400 000 vitjande i løpet av dagane 15. - 24. januar 2016.
Midt i dette yrande folkehavet kan du altså få kjøpt deg økologisk smør frå Moisund, spekemat frå Hovden- eller morellsirup frå Høgetveit gård.Me kan ikkje anna enn å ynskje dei lukke til på ferda. Alle i hop.

( Denne nyhenda vart fyrst kringkasta i lokalavisa Setesdølen - den 10.11.2015 )
No skal Søren G. Hodne freiste skrubbsvoltne tyskarar med velsmakande smør frå Moisund. Søren så godt. ( foto: øystein moi )